Treeiningssøndag
Jes 6,1-8

Kven kan Herren sende?

Vi veit ikkje kva som førte Jesaja til templet i Jerusalem denne dagen eller kva program det var i templet. Men vitjinga vart eit vendepunkt i den unge mannen sitt liv. Han opplevde eit syn og høyrde ein bodskap som skaka han og som gav livet hans ny retning.

Synet

Eg hadde tala på juletrefesten over Johannes sine ord om at lova kom ved Moses og nåden og sanninga ved Jesus Kristus. Ei tid etter kom ei kone til meg og fortalde at mannen hennar hadde fått sjå Jesus på ein ny måte etter den talen. Og at han hadde vorte ein kristen. Dette har skjedd til alle tider. Menneske har vore i kyrkje eller bedehus, høyrt forkynning eller lese Guds ord, og så har dei fått eit nytt syn av Gud og hans nåde i Jesus Kristus. Og vi vonar at Den Heilage Ande skal medverke til dette kvar gong ordet vert forkynt.

Jesaja var i templet då augo hans og sinnet hans vart opna slik at han fekk eit syn av den heilage Gud. Vi får ingen informasjon om kva han skulle i templet denne dagen, men truleg kom han der som andre for å ta del i tilbedinga. Men denne dagen skulle for han verte eit vendepunkt i livet. Liksom for mange andre både i bibelsk tid og i seinare tider som fekk eit nytt møte med Gud.

Soninga

Som ung prest sat eg ein dag ved same bordet som ein eldre psykiater ved eit bord i eit selskap. "Du har ein sterkare medisin å tilby til engstelege menneske enn eg", sa han. "For du kan tilseie tilgjeving for syndene". Eg trur eg forstår kva han meinte. Bibelen har noko som dei medisinske lærebøkene ikkje fortel om. Ein bodskap om at alle mine synder er sona. Ein bodskap som viser mennesket sitt verd og reiser det opp til nytt liv for Gud og medmenneske. Då Jesaja fekk eit syn av Gud, vart han gripen av angst. Han såg og vedkjende at han var ein syndig mann som ikkje kunne stå framfor Gud. "Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lipper." Men straks etter denne vedkjenninga, vart det kunngjort han at hans synd var sona. "Di skuld er borte, di synd er sona". Han kunne løfte hovudet og gå mot nye oppgåver.

Sendinga

Då eg kunngjorde til vener og slektningar etter vidaregåande at eg ville studere for å verte prest, var det mange som frårådde det. Du passar ikkje til det. Det er for langt studium. Du har evner til nyttigare ting osv. Men alle desse argumenta kunne ikkje avgjere saka. For eg opplevde å vere send. Eg hadde fått eit nytt syn på Jesus. Eg hadde fått høyre evangeliet om han som sona våre synder. Eg hadde ei underleg oppleving av å vere send til å bere dette vidare. "Her er eg, send meg!", sa Jesaja. Han vart send til den eineståande oppgåva å vere profet for Israel. Men Gud sender nokre til prestar, nokre til barnearbeidarar, nokre til forkynnarar, nokre til diakonar, nokre til praktiske oppgåver i kyrkjelyden, nokre til å be. Ja, det er vel ingen kristen som ikkje er sendt til ei eller anna teneste.

Måtte vi stadig vere opne for visjonen, for soninga si frigjering og til å gå til dei oppgåvene som Herren sender oss til. For Herrens spørsmål som Jesaja høyrde, er der stadig: "Kven skal eg senda og kven vil gå for oss?"

Geir Sørebø