IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Treeiningssøndag

Jes 6:1-8

I PREIKA

Normalt brukar ein denne søndagen å lese dåp- /misjonsspåbodet, og dersom det er mange barn som er invitert til kyrkja kan det vere ein god løysing å bruke teksten frå Matt 28. Samstundes er forteljinga om Jesaja sitt syn ei god historie som lett vil fenge i alle fall dei litt større barna. Sjølv om det er mange ting her som kan vere vanskeleg å forstå. Ein bør nok forklare både kva slags tempel som profeten såg for seg og kva serafar er. Dessutan bør ein ta med litt om kvifor Jesaja vart så redd fordi han såg Gud. Dette er velkjent frå gamle testamentet – men kanskje ikkje så mykje i fokus nå. At ingen menneske kan sjå Gud – og leve – fordi vi ber synda med oss. Da får serafanes ord meining: "…Di skuld er borte, di synd er sona."

Nå kunne Jesaja fritt sjå og snakke med Gud. Han kunne svare: Sjå, her er eg, send meg!

Denne søndagen har særleg dåpen og evangeliet ut til alle som fokus (jamfør kollektbøn). Me som er døypte kan øve oss på å svare det same som Jesaja: Sjå, her er eg, send meg!

For Gud har framleis bruk for menneske som let seg bruke til å fortelje andre om Jesus, enten ein er liten eller stor!

TO SALMAR

Norsk salmebok nr. 272: Hellig, hellig, hellig

Barnesalmeboka nr. 152: Jeg vil være med og si det høyt til alle

 

LITURGI

Dåpspåminning: Bruk ordninga frå Familiemessa og sett forkus på dåpen i starten av gudstenesta, sjølv om det ikkje er dåp i kyrkja denne søndagen.

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J