Kristi openberringsdag

Jes 60,1-6

KORLEIS FINNE VEGEN TIL SORIA MORIA?

Mange av oss har på netthinna eit kjent måleri av Theodor Kittelsen der fattigguten frå eventyret, Halvor, står i framgrunnen med fillete klede og skreppa på ryggen og skimtar bak berg og dal glansen frå Soria Moria-slottet på fjellet i det fjerne.

Det er mange av oss som går rundt og leitar etter Soria-Moria. Staden der vi kan finne lukka, der vi kan finne freden, der vi kan vi kan slå oss til ro og vere trygge og glade. Dei unge grublar på kva utdanning dei skal søkje og kva yrke dei skal ta sikte på. Dei leitar etter ein kjæraste og lurer på kven som er den rette. Dei reiser rundt i verda og søkjer opplevingar og veit ofte ikkje heilt kvar det er best å busetje seg. Og det tykkjest å vere typisk for det moderne samfunnet at vi held fram på same måten gjennom store deler av livet. Kvar er vårt Soria Moria?

1. Soria Moria var tempelfjellet

I Det gamle testamentet les vi at Moria var namnet på fjellet der Salomo bygde templet fordi Gud hadde vist seg for David nettopp der (2 Krøn 3,1). I preiketeksten for Kristi openberringsdag heiter det: "Reis deg i stråleglans. For ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom renn opp over deg. Sjå, mørker ligg over jorda, og skydimme over folka. Men over deg strålar Herren fram, over deg syner hans herlegdom seg. Mot ditt ljos skal folkeslag fara." (Jes 60,1-3) Samanhengen viser at det her dreiar seg om stråleglansen over Moria-fjellet, som skal trekkje til seg søkjande menneske frå heile verda. Ein fantastisk framtidsvisjon vert teikna opp for dei israelittane som har vendt attende frå fangenskapet, men som enno ikkje har fått reist noko nytt tempel.

2. Soria Moria var der Jesus-barnet var

Det var ein mann som uttala i eit radiointervju at ein av dei største dagane i sitt liv var den dagen han fekk sitt første barnebarn. Vi som ikkje har opplevd dette kan berre ane at her ligg det eit nytt perspektiv på livet. Eit heilt nytt perspektiv på livet fekk gamle Simeon den gongen Josef og Maria kom opp på Moria-fjellet med Jesus-barnet, og han fekk ta det i armane sine der i templet og seie: "Herre, no let du tenaren din fare herifrå i fred, etter ditt ord. For augo mine har sett di frelse, som du har skipa til for alle folks åsyn, eit ljos til openberring for heidningane" (Luk 2,30-32). Som eit nytt Soria Moria for alle verda sine folk stig Betlehem og Jerusalem fram for verda sine folk med vitnemålet om Jesus. Vise menn følgde stjerna og råd frå skriftlærde og fann fram heilt fram til kongsgarden.

3. Soria Moria er i dag der vi møter den levande Kristus

For eit par år sidan skulle eg vere med på eit seminar på Den norske legeforening sitt konferansesenter, Soria Moria, som ligg i kanten av Nordmarka på Voksenkollen i Oslo. Då eg gjekk av på stasjonen, kom eg i skade for å gå i feil retning. Men sidan eg hadde all bagasjen pakka i ein stor ryggsekk, så fann eg ut at eg kunne ta ein snarveg gjennom skogen. Det førde til at eg gjekk meg heilt vill. Til sist måtte eg stoppe ein turgåar og spørje: "Du kunne vel ikkje vise meg vegen til Soria Moria?". Han såg på ryggsekken min og drog på smilebandet, men lokalkjend som han var, losa han meg snart på rett veg - og eg fekk eit par fine dagar på Soria Moria.

Etter Jesus sin fødsel, død og oppstode kan det verkelege Soria Moria finnast over alt på denne jorda. Mange "lokalkjende" menneske kan vise vegen. Menneske som kan vitne om at Jesus lever og tek imot alle som søkjer han. Til alle som i dag er fanga av vår moderne tid sitt jag, kan orda frå Jesaja få nytt innhald. "Reis deg i stråleglans! For ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom renn opp over deg". Det gjeld berre at vi vaknar opp, går på leiting og spør hjå dei rette personane. Paulus seier: "Vakna opp du som søv, stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg" (Ef 5,14). Fattigguten Halvor frå eventyret visste å knyte til seg gode hjelparar og slik fann han eventyret sitt Soria Moria med prinsessa og det heile. Det går i dag an å finne vegen fram til herlegdomen for alle menneske. For den eine store hjelparen er komen til oss som vår bror, og på denne misjonsdagen som Kristi openberringsdag er, skal vi gje kvarandre ny inspirasjon til å vere små hjelparar som viser vegen til Jesus, for der han er, der finn ein det verkelege Soria Moria.

Geir Sørebø