Maria bodskapsdag

Jes 7,10-14

Gud med oss

Formuleringa "Gud med oss" har ikkje alltid hatt ein like god klang. Spesielt gjev kanskje den tyske versjonen "Gott mit uns" dårlege assosiasjonar om politiske leiarar som gjekk til krig og hevda å ha Gud på si side.

Formuleringa har truleg sitt opphav i Det gamle testamentet. Mange gonger i Mosebøkene, gjennom dei historiske bøkene og inn i David sine salmar høyrer vi at Gud er med israelsfolket i striden. Eit typisk døme er kong Hiskia som forsvarar seg mot assyrarkongen Sankerib (som kom frå dagens Irak) og set mot i hærførarane sine med desse orda: "Med han er menneskemakt, men med oss er Herren vår Gud. Han skal hjelpa oss og strida for oss." (2 Krøn 32,8). 19. mars 2003 sa Saddam Hussein i sin tale til det irakske folket: "Eg vil seie til den trufaste, den tolmodige, den som er undertrykt av angriparar, at han må kome i hug at desse dagane snart vil vere over med Guds hjelp - Gud vil gje oss siger". Omtrent samstundes sa George W Bush i sin tale til det amerikanske folket, og spesielt til dei amerikanske soldatane sine familiar: "Millionar av amerikanarar bed for dykk og om at dei som de elskar må vere trygge og om at dei uskuldige må verte verna - Må Gud velsigne landet vårt og alle som forsvarer det!"

Søndagsteksten dreiar seg også om ein herskar, Juda-kongen Akas. Han var komen i den vanskelege situasjonen at han var under angrep av både aramearkongen og kongen i Israel. Den livredde kong Akas vart oppsøkt av profeten Jesaja som vil setje mot i han. Kongen skal få krevje eit teikn av Gud. Dette avviser kongen kontant. Han var ikkje truande og vil heller stole på sin eigen strategi om å inngå ein allianse med assyrarkongen og slik nedkjempe dei to angriparane, noko som gjev han ein krass dom i kongebøkene. Profeten sitt svar er merkeleg. Det skal kome eit Guds-teikn likevel. Ei ung kvinne skal få ein son med namnet Immanuel - som altså betyr "Gud med oss". Korleis skal vi så forstå dette "Gud med oss", i lys av både Det nye testamentet og i lys av den aktuelle situasjonen vi lever i i dag? Tre tankar kan trekkjast fram:

  1. Gud har ein ny plan
  2. Eitt av mine første minne frå barneåra er knytt til ein fottur som to tanter ville ta meg med på. Det gjekk ikkje som dei hadde planlagt, for halvveges framme ville eg ikkje gå meir. Eg la meg ned på bakken og ville ikkje gå eit steg lenger. Då måtte dei leggje ein ny plan. Dei måtte skifte på å bere meg. Berre på den måten kunne vi kome heim att.

    Gud endrar plan gjennom Det gamle testamentet. Han vil gå med kongane. Men dei vil ikkje gå med han. Om Akas vert det sagt: "Akas gjorde ikkje det som var rett for Herren hans Gud, så som David, ættefar hans hadde gjort" (2 Kong 16,2). Guds nye plan vert annonsert gjennom dei underlege framtidsorda om han som skal verte fødd og leve av honning og rjome og vraka det vonde og velja det gode (v.15). Truleg ord som Akas ingen ting forstod av.

  3. Guds teikn skal vise seg i det nære og menneskelege
  4. Eg har møtt folk som meiner dei har fått eit teikn av Gud i ein gitt situasjon. Oftast består teiknet i at eitt eller anna hende som ut frå vanleg tankegang ikkje skulle hendt. Det kan vere eit himmelsk lysfenomen, ei røyst frå det ukjende, eller andre underlege observasjonar. Det gamle testamentet kjenner døme på at fjella skjelv, havet deler seg og sola står stille og fleire andre ekstraordinære fenomen når Gud handlar for folket. Det teiknet som Jesaja annonserer er heilt annleis. Det er noko så nært, alminneleg og vanleg som at ei ung kvinne vert gravid. Gud skal ikkje lenger vise seg i skyer og stjerner. Han skal møte oss i det grunnleggjande menneskelege

  5. Jesus hos oss, det er "Gud med oss"

For eit års tid sidan fekk eg høve til å sjå meg litt rundt i det gamle sovjetiske forsvarsministeriet i Moskva. På ein av veggene hang det eit bilete av ein hærførar frå den gamle russiske historia. Nedst på biletet var det skrive noko med russiske bokstavar. Eg spurde tolken kva bokstavane tydde. Då såg han seg rundt og nærmast kviskra til meg: "Gud med oss". Det var tydeleg han tykte innskrifta var upassande.

Sonen skal heite Immanuel - "Gud med oss" - sa profeten til Akas. Det er først Matteus som gjev den oppklårande fortolkinga av desse orda i det første kapitlet av sitt evangelium. Den Heilage Ande skal kome over Maria, og barnet skal kallast Jesus, fordi han skal frelse folket frå syndene deira. Og dette, sa engelen til Josef, er oppfyllinga av Immanuel-ordet, "Gud med oss"-ordet, i Det gamle testamentet.

Gjennom trua på Jesus skal følgjeleg alle menneske, anten dei bur i USA eller Irak eller Norge, kunne seie "Gud med oss". Men så må ein ta med samanhengen frå Matteus-evangeliet: Gud er med oss for å frelse oss gjennom Jesus Kristus.

Det blir alltid gale når ein hærførar eller statsmann fører krig eller brukar makt og i denne samanhengen seier "Gud med oss". Men det vert alltid rett når menneske i Jesu namn vender seg til Gud og bed om hjelp for sine synder og hjelp til å elske andre menneske. Då kan det heite "Gud med oss", for Gud har gjeve oss eit nært og menneskeleg teikn på at han elskar oss med ein usvikeleg kjærleik.

Geir Sørebø