Juledag

Joh 1,1-14

ORDET VART MENNESKE

På ei skulegudsteneste før jul ein gong la vi ein Bibel i julekrubba i staden for barnet. Det var ein verknadsfull illustrasjon til Johannes som seier at Ordet vart menneske. Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, seier Johannes. Kva har dette å seie for oss? Tre ting kan nemnast:

1. Guds Son vart i slekt med oss

Eg veit om ein middelaldrande kar som reiste til Amerika. Eg undra meg på korleis han kunne klare seg der. For han hadde nesten ikkje vore i utlandet før og han kunne omtrent ikkje eit ord engelsk. Men det som gjorde at han reiste frimodig, var at han hadde ein bror i Amerika. Broren kom og henta han på flyplassen. Og broren hadde eit fjorten dagars opphald planlagt for han. Det er ikkje farleg å reise til eit anna land når ein har ein nær slektning der.

Jesus kom og vart i slekt med oss. Dette er eit gjennomgangstema i julesalmane våre: "Han sjølv som er Guds eige Ord,/Guds eige ord,/han kom i kjøt og vart vår bror./Halleluja. Halleluja". Eller: "Fred på jord, fryd på jord!/Jesusbarnet det er vår bror." Og Jesus sa sjølv ein gong: "For den som gjer det Far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi" (Matt 15,20). Ein slektning i USA kan opne dører for oss. Ein slektning i himmelen kan opne himmeldørene for oss. Ordet vart menneske. Dermed kan vi alle få vere like mykje i slekt med Guds Son.

2. Det er ein føresetnad at vi vedkjenner oss slektskapen

Det hender at slektningar ikkje vil vite av kvarandre. Eg har som meklar i familiesaker sett tragiske døme på det. Det er fedrar som ikkje vil ha kontakt med sine born som bur hjå mora. Det er fedrar som har insistert på at mora skulle ta abort og fjerne barnet som dei er far til. Slektskap er ikkje nok for ein positiv relasjon. Det er naudsynt at slektskapen vert vedkjent.

Johannes skriv: "Alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på ordet hans"

Benektar vi eller skammar vi oss over å vere i slekt med Jesus-barnet? Eller seier eg: "Tenk at han er min bror. Eg har lyst til å likne på han. Og han skal alltid ha ein plass i mitt hus. Han skal vere i tankane mine. Eg har tillit til han". Kvar den som vedkjenner seg slektskapen, lever under Johannes sine ord: "Alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born".

Han kan seie dette fordi Ordet vart menneske.

3. Fødselen i Betlehem skjer stadig om att

Det er merkeleg - når Johannes fortel sitt juleevangelium, så nyttar han ordet fødd ein gong. Og det er ikkje om Jesus, men det er om alle som trur på Jesus. Han brukar ikkje ordet om barnet i krubba, men om alle Guds born i verda. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og manns vilje, men av Gud, seier Johannes. Johannes seier med andre ord at jula sin fødsel skal skje stadig på nytt utover verda. Nye menneske skal verte døypte og kome til tru på Jesus, og då skjer det ei så stor forandring med dei i Guds auge at vi seier dei vert fødde på nytt.

Ordet vart menneske. Eit sprang frå Guds verd til vår verd. Og så: Menneske vart Guds born. Eit sprang frå vår verd til Guds verd.

Forandrar julefeiringa på verda? Det vert fortalt at under første verdskrig låg det ein stad i Europa tyske og britiske troppar på ei slette og skaut på kvarandre. Det var julekvelden og dei låg i kvar sine skyttargraver. Ut på kvelden høyrde engelskmennene at det vart sungen ein julesong i den tyske skyttargrava: Stille Nacht, Heilige Nacht. Snart stemde engelskmennene også i ein julesong. Skytinga stilna. Etter ei tid våga nokre soldatar seg opp av skyttargrava. Og snart gjekk tyskarar og engelskmenn kvarandre til møtest på sletta og ynskte kvarandre god jul. Juleevangeliet hadde gripe menneske og forandra dei.

Det var jo derfor Ordet vart menneske. Menneske skulle verte fødde på nytt og finne fred med kvarandre og fred med Gud.

Geir Sørebø