Søndag etter jul

Joh 1,16-18

VENDEPUNKTET

For nokre år sidan kom det ut ei kjend bok med tittelen: The Turning Point (Vendepunktet). Boka tok for seg den tida vi no lever i og ville påvise at den på mange måtar kjem til å verte eit vendepunkt i verdshistoria. Når vi ser alle endringar i teknikk, kultur, kommunikasjon så kan ein vere freista til å gje sin tilslutnad til denne påstanden. Men den dommen kan eigentleg berre fellast av våre etterkommarar som kan sjå tusenårsskiftet i eit historisk perspektiv. Bibelteksten for denne søndagen talar avgjort om eit stort vendepunkt i historia. Ja, for den kristne kyrkja så er dette kort og godt det eine store Vendepunktet, overgangen frå Moses til Jesus og dermed openberringa av Guds sanne bilete. Her er teksten sine tre undertema gjevne:

  1. Moses si lov
  2. Ei dame eg kjenner vart stoppa av politiet medan ho sat og snakka i mobiltelefonen i bilen. Ho nytta ikkje handsfree og hadde den vesle mobiltelefonen i handa. Det var 500 kroner i bot. Dei aller fleste av oss har gjort liknande erfaringar. Samfunnet er gjennomgåande lovregulert og dersom vi bryt lover og forskrifter og vert oppdaga, så vert vi pålagde ulike slags straffer og sanksjonar. Vi får i liten grad premie for at vi følgjer lovene. Det vert teke som sjølvsagt. Mange overfører denne erfaringa til alt som har å gjere med vårt åndelege liv og vårt tilhøve til Gud. Det åndelege livet er like gjennomregulert av forskrifter som EU. Bibelen er lovboka og Moses er opphavsmannen. Eg har møtt menneske som har streva med dette. Dei veit at dei har brote forskriftene, og dei fryktar konsekvensane. Andre meiner faktisk at dei i rimeleg grad har levd opp til det bibelske lovverket, og at Gud nok ikkje kan krevje noko meir av dei med det utgangspunktet dei hadde i livet. "Lova vart gjeven ved Moses", det har i praksis vorte ei hovudsetning for mange menneske både i og utafor kyrkja.

  3. Jesus sin nåde
  4. Ein mann eg kjende døydde for nokre år sidan i juletida. Dei som stod rundt sjukesenga hans fortalde at hans siste ord var: "Jesus. Jesus". Kvifor sa han ikkje: "Moses. Moses"? Var det fordi at det var jul? Nei, mannen visste at Moses ikkje hadde noko å gje han i møte med døden. Moses sine lovbøker og Bibelen sine formaningar kunne vise veg gjennom livet, men heller ikkje lenger. Neste etappe, vegen frå livet til det evige livet, hadde lova ingen verksame føreskrifter om. Paulus fekk høyre frå Herren då han bad om lækjedom: "Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt" (2. Kor 12.9). Når menneske står fram for Jesus som makteslause, skal hans kraft kunne fylle dei og gje både det som er naudsynt for det evige livet og det som gjev mot for dette livet.

  5. Sanninga om Gud

Eg snakka med ei kvinne som hadde vorte mishandla i ekteskapet og som hadde måtte bryte ut av ekteskapet for å overleve. Eg lurte på kva som gjorde at ho hadde gifta seg med ein mann som var så brutal med henne. "Eg kjende han ikkje", sa ho. "Det vil seie eg kjende berre den eine sida av han. Han var ein sjarmerande og pen mann utad. Ein som alle tala vel om. Det eg ikkje visste noko om var hans dominans, maktvilje og sinne som gjorde at han brått stod fram som eit anna menneske i møte med meg, spesielt når han ikkje var heilt edru." Etter kvart lærte eg heile sanninga om personen å kjenne.

Mange menneske har berre lært Gud å kjenne slik han viser seg gjennom lova som den krevjande Gud. Når ein kjem Gud nær gjennom Jesus Kristus, så vert biletet av Gud endra. Det viser seg at lova sitt bilete av Gud var ufullstendig. Moses hadde berre sett Gud bakfrå (2 Mos 33,20ff). Guds kjærlege andlet kjem til synes først gjennom Jesus Kristus. Heile sanninga om Gud kom først fram i dagen ved Jesus, og kan i dag først erkjennast gjennom truserfaring ved han. På denne måten er Jesus sin fødsel det store vendepunktet i historia. Det gjev ikkje lenger meining å leve som ein kristen og vere på feil side av vendepunktet.

Geir Sørebø