4. søndag i advent

Joh 1,19-27

GJER VEGEN BEIN FOR HERREN!

Midt i teksten for denne søndagen står eit rop. Eit rop som har lydd gjennom historia. Profeten ropa desse orda ut til Israelsfolket (Jes 40,3). Johannes døyparen ropa dei same orda ut over Jordan. I dag framfor vår kristne julefeiring er det naudsynt at orda får lyde på nytt: "Gjer vegen bein for Herren". Herrens herlegdom var synleg for folket sitt nær i den gamle tid (Jes 40,5). Herren kledde seg i kjøt og blod og kom til folket på Johannes tid. Like mykje vil han kome til oss i dag. Det trengs at vi gjer vegen for han bein på ulike måtar:

1. Lat oss gjere vegen bein for Jesus gjennom HØGTIDA

Karsten Isaksen har fortalt om guten som skulle ut i byen og sjå på kongen. Kongen skulle kome til byen, og guten skulle stå ved fortauskanten og sjå på det store toget opp gata. Guten kom heim att og fortalde om mannen som kom først i den flotte uniforma med gullknappar. Han trudde det var kongen. I realiteten var det lensmannen i Lillehammer. Kongen hadde kome gåande lenger bak i vanlege klede. Han hadde ikkje guten lagt merke til.

Det var ei viss personforveksling på gang då Johannes stod fram. Kven var denne Johannes? Var han Messias? Var han den nye Elia? Johannes viser seg stor ved å rydde opp og gjere vegen bein for Jesus. Det er mange figurar som kjem på bana når vi går inn i advent og juletider. Frå Lucia til reinen Rudolf og den raudkledde nissen. For born og eldre med er det naudsynt med ei årleg opprydding og klargjering. Det er ikkje alltid at han med den finaste drakta er den viktigaste personen. Det er snart gjort å ta feil av kven som er kongen. Lat oss gjere vegen bein for Jesus gjennom høgtida.

2. Lat oss gjere vegen bein for Jesus inn til FREDEN

I fjor var kona mi ein handletur til Førde nest siste laurdag før jul. Ho handlar aldri meir på slike dagar. Butikkane var kaotiske og støyande. Det var mest uråd å kome fram til disken. Son vår som kjem heim til jul, bestilte flybillettar i sommar. Han visste det ville verte trongt om plassen. Det er ikkje alltid dei som kjem heim til jul heller opplever heimen som ein freda plett. Eit debattprogram på TV nyleg tok opp den situasjonen at over 100 000 norske born opplever rusproblem og bråk i heimen i jula.

"Eg er ei røyst som ropar i øydemarka", sa Johannes om seg sjølv. Han som skulle rydde veg for Jesus, kalla folket til seg på ein plass med stille og ro. Johannes stod ikkje fram på torget eller i byporten. Han skapte ein ny arena. Ein arena med fred. Fred på jorda, song englane. Jesus kom med fred. Vår ansvar er å gjere vegen bein for han på den måten at freden kan skapast. Kanskje er det eit stereoanlegg som må stansast. Ein samtale må ta pause. Aktivitetar må vente. Vi må gå til sides og samlast på ein ny arena. Ein arena med fred. Slik at Jesus får bein veg.

3. Lat oss gjere vegen bein for Jesus inn i HJARTA

Eg er sjølv vaksen opp i ein alminneleg norsk heim der det var tradisjon å feire ei fredeleg jul. Det var ikkje kyrkje i bygda og bygda var veglaus, så det var uråd å kome til kyrkje. Vi høyrde ein del på radio. Men vi på ein måte for blyge i høve til det religiøse til å kunne lese frå Bibelen heime. Så var det ei jul i ungdomstida mi. Eg hadde sjølv kome fram til eit bevisst kristent standpunkt og tenkte: No må det skje ei endring. Når heile familien var samla i stova og middagen gjekk mot slutten, så sa eg: No vil eg lese juleevangeliet. Det vart gjort, og vi song så saman: Eg er så glad kvar julekveld, for då vart Jesus fødd. Eg opplevde at dette rørte ved våre inste kjensler, og tårene kom fram i augnekroken. Vegen var gjort bein for Jesus inn i hjarta.

Johannes stod fram og kalla folk til omvending og dåp. Hans forkynning var ikkje overflatisk. Hans engasjement nådde langt inn i menneskesinnet. Han gjorde eit nytt grep der gamle mønster vart brotne. Han gjorde vegen bein for Jesus heilt inn i folk sitt hjarta. Så kunne vi også spørje dei siste adventsdagane: Kva endringar kan vi gjere i dei samanhengar vi skal vere i jula - ikkje minst våre heimar - for at vegen for Jesus kan vere gjort bein inn til våre hjarto?

Så lenge det er noko som heiter advent, må det gamle adventsropet få lyde: "Gjer vegen bein for Herren!"

Geir Sørebø