IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

1. Juledag

Joh 1:1-14

I PREIKA

I kyrkja der me skal feire høgtidsgudsteneste på 1. juledag har barnehage og småskule laga hjarter i papp i ulike fargar og pynta dei med glitter og teikningar. Dette pregar naturleg nok kyrkjerommet. Difor vil jula i år ha HJARTE som tema! I denne kyrkja har ein ikkje hatt gudsteneste på julaftan, difor vil me ta med oss litt av tema frå dagen før. Nemleg: Gud sende oss Jesus som verdas beste julegåve fordi han var glad i oss. Eg vil ha med meg julegåva, og pakke opp før eg plasserer Jesusbarnet på sin rette plass i julekrubba. (sjå julaftan)

Dette barnet som kom er Gud og han skal spreie ljos i vår mørke verd. Han er ikkje nokon kven som helst, han er: ORDET, LJOSET og FRELSAR! Han skal bringe Gud og menneske, himmel og jord, i saman igjen. Eg vil ha med meg ein Bibel, eit ljos og ein kross for å illustrere orda. Så forklare kva som ligg i dei, og korleis dette vart synleg i livet til Jesus. Til slutt vil eg finne fram eit stort hjarte, dette vil eg legge på gulvet nedanfor bordet der julekrubba står. På hjarte vil eg legge/sette bibelen, ljoset og krossen. Fordi: Gud sende oss Jesus som verdas beste julegåve fordi han var glad i oss, og fordi han vil vere i lag med oss nå og til evig tid!

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 64: En krybbe var vuggen

LITURGI

Tekstelesing: Drama: (utan replikkar) medan ein les teksten. Ein treng eit barn til å kome fram, tenne ljoset sitt og stille seg opp midt i koret. Fleire (minst 5) stille seg ved sida av. Når ein kjem til vers 9 tek ljosbæraren to steg fram og lyfter ljoset. Under lesinga av vers 10-11 snur nokre av dei som står ved ljoset ryggen til (for å syne avvising). Når ein kjem til vers 12 trer dei andre fram mot ljosetbæraren, tenner sine eigne ljos hjå han/ho og stiller seg i halvsirkel nær ljosbæraren. Når ein kjem til vers 14 byrjar dei som tente ljosa sine å vandre ned i kyrkjerommet og plassere seg på ulike stadar mellom folk. Dersom kyrkja vert svært full bør ein ha reservert plass til dei på førehand. (Dette bør ein øve godt på på førehand!)

Velsigna julehøgtid!

Anne Berit Sunde J