1. søndag etter Kristi openberringsdag

Joh 1,29-34

LAMMET SOM KAN BERE

Steingrunnen av Bo Gierts er ein av klassikarane i den kristne litteraturen. Her les vi om den sprenglærde magister Savonius som prosten sender i soknebod til den døyande Johannes i Børsebo. Med all sin lærdom greier ikkje magisteren å roe Johannes i hans angst framfor døden. Heller ikkje vert det betre når Savonius til sist seier: " Om noen her i denne bygd kommer til å dø salig, så er det deg!" "Hvordan da?" spør den sjuke. "Du er en bedre og redeligere sjel enn noen annen jeg har truffet", seier Savonius. Da sluknet det lille lyset i Johannes øyne." Magister Savonius går utanfor og fell i gråt, og den sjuke sin familie sender bod på ei kvinne i bygda, Katrina Filip. Og ho kjem til Johannes med ein enkel bodskap, som vert samanfatta i desse orda henta frå dagens søndagstekst: "Sjå, der er Guds lam som ber verdsens synd." Og i dette bibelverset finn Johannes fred. Kvifor? Ja, kva er det som er så spesielt med desse orda? Eg ser tre ting som er heilt spesielle:

1. Ordet "ber"

Kva skal vi gjere med terroristar? Når dette vert skrive, har vi akkurat hatt eit langt flykaprardrama i India. Eit hundretals passasjerar vart utsette for enorme påkjenningar der dei i døgn etter døgn vart sitjande i eit parkert fly med skarpladde gevær retta mot seg. Eit par av passasjerane miste også livet. Det er vel brei semje om i verda at terroristar skal straffast hardt. Men så er det kanskje dei som seier: Terrorisme er ein fortvila kamp for ei god sak. Vi må forstå menneske som ikkje ser nokon anna enn den siste utvegen: å bruke vald. Og dette er våre to vanlegaste måtar å møte synda i verda på: Anten med straff eller med (bort)forklaring.

Kor annleis talar ikkje vår søndagstekst. Gud verken straffar eller bortforklarer. Han nyttar det tredje alternativ. Han vil bere. Han sende Jesus som gjennom sin dåp vart innvigd til å bere våre synder. Og han er den einaste som kan bere ei slik bør.

2. Orda "verdsens synd"

Eg minnest ei teikning frå barndommen min. Teikninga stod i ei bok vi hadde heime. Det var den store skeiselauparen Oscar Mathiesen sin sjølvbiografi. På teikninga ser vi Oscar Mathiesen gli rundt på isen med jordkula på skuldrene sine. Han bar jordkula. Verdsmeistaren. Han som det er berre ein av i verda. Ber verdsens synd, stod det i teksten.. Ja, det er visst berre ein einaste som kan gjere noko slikt. Det er rett og riktig å sjå at Jesus møter det einskilde menneske. Det nye testamente har mange døme på namngjevne personar som fekk oppleve Jesu oppreising. Men av og til vert ein anna dimensjon trekt fram. Guds frelseshandling har universell karakter. Jesus "er den som skal frelse verda" (Joh 4,42), for han har gjort soning "for alle i heile verda" (1 Joh 2,2). I den forstand ber han verdsens synd. Men nett då kan kvar einskild av oss trygt seie: Då ber han også mine synder.

3. Orda "Guds lam"

Vi tenkjer vel at den som skal bere må vere sterk. Kor veldig sterk må ikkje den vere som skal kunne bere noko så enormt som verdsens synd? Og så kjem det underlege i teksten. Guds lam. Eit lite lam tåler jo ikkje store børa.

Eg ser for meg to gamle foreldre som eg kjende. Dei var pensjonistar, og likevel stelte dei for to av sine born som begge var sterkt handikappa og trengde hjelp dag og natt. Korleis kunne dei gamle orke det? Korleis kunne dei bere ei slik påkjenning? Svaret er kjærleik. Ekte kjærleik. Den som er slik at han berre gjev og gjev. Den som er slik at han aldri tek slutt. Den som er slik at den svakaste kan bere og bere. Er det ikkje dette vi får eit glimt av når Jesus vert kalla for Guds lam. Offerdyret som var sett av til å gje sitt liv. Jesus som vart døypt med syndarar sin dåp. Når det kjem til stykket: Er det ikkje desse orda som gjer at vi alle kan finne fred framfor døden: "Sjå, der er Guds lam som ber verdsens synd"?

Geir Sørebø