IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

1. søndag etter Kristi openberringsdag

Joh 1:29-34

I PREIKA

- Eg visste ikkje kven han var da han kom bort til meg og ville bli døypt men no veit eg: HAN ER GUDS SON! Johannes fortel om Jesus, fortel om korleis han skjøna at Jesus var noko meir enn ein mann at han er Gud! Det var fordi dua dala ned over Jesus og vart verande over han, - dua er eit symbol for Den Heilage Ande. På førehand hadde Johannes døyparen blitt fortalt: "Den du ser Anden dala ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande". Nå hadde han sett det! Dua vart verande over Jesus OG HAN VEIT: JESUS ER GUDS SON! Han dei hadde venta på så lenge. Han kan ikkje halde det for seg sjølv og fortel vidare: "Sjå! Det er Guds lam, som ber verdsens synd!"

Vi du vere med og møte det nye året med å peike på Jesus og seie : Sjå der! Guds lam, som ber verdsens synd?? I januar har me openberringstid. Me skal bli betre kjent med han som kom til oss som eit lite barn og som me har feira så grundig for kort tid sidan. Men det er ikkje berre til oss han kom han kom til heile verda! Openberringstid er også misjonstid: bodskapen om Jesus må ut til stadig nye menneske Gud vil gjerne bruke oss til det! Blir du med??

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 526: Vi har en Far i himlen

LITURGI

Forbøn: Lag ei bøn for misjonærane som kyrkjelyden kjenner til eller har sendt ut, kanskje kan ei skuleklasse eller ein barne-/ungdomsforening vere med? Det ville også vore fint om ein misjonær kunne skrive brev "heim" og fortalt litt om livet ute.

Velsigna nytt år!

Anne Berit Sunde J