2. søndag etter påske

Joh 10,1-10

KRISTUS ER DØRA TIL LIVET

"Då han vart menneske, kom Guds Son for å vitje kvart menneske, og for kvar einskilt har han vorte "døra": Døra til livet, døra til frelsa. Eit menneske må gå gjennom denne døra dersom det ønskjer å finne frelse. Kvar person er invitert til å stige over denne dørstokken". Orda vart uttala av Pave Johannes Paul II, februar 2000. Paven sine ord er ei god innleiing til denne søndagen sin tekst, som kan summerast opp i desse hovudpunkta:

  1. Jesus er døra
  2. Når eg sit på kontoret mitt og ser ut vindauga, så har eg døra til Lavik kyrkje beint fram 100 meter unna. Mesteparten av tida er døra lukka, men einskilde dagar vert døra slegen på vid vegg. Og då kan eg sjå folka som strøymer inn og som seinare kjem ut att frå ei gravferd, frå ei skulegudsteneste, frå ei vigsle eller kva det no kan vere. Då tenkjer eg av og til på orda frå dåpsliturgien: "Gud vare din utgang og din inngang frå no og til evig tid". Lavik kyrkje har berre ei dør til inngang og utgang for kyrkjelyden. Men døra er brei no for alle. Det er også inngang for funksjonshemma gjennom same døra. Her vert dåpsbarnet bore inn, og her vert kista boren ut.

    På same måten er det også berre ei dør inn til himmelen og inn til dei truande sitt fellesskap på denne jorda. "Eg er døra", seier Jesus. "Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst". Men på same måten som alle og ein kvar kan gå inn og vere velkomen i Lavik kyrkjelyd, så skal kvar og ein kunne gjennom si tru på Jesus og med Jesu hjelp gå inn i himmelen.

  3. Berre døra er den rette inngangen
  4. Frå kontoret mitt kan eg også sjå to vindaugo på eine langsida av Lavik kyrkje. Dersom eg ein morgon såg at eit vindauga var knust og det var spor etter nokon som hadde teke seg inn der, så ville eg verte mistenksam. Det var store sjansar for at det var eit innbrot og ein tjuv som hadde vore på ferde, og eg ville sjølvsagt ha undersøkt saka nærare med ein gong og teke kontakt med politiet.

    "Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar", seier Jesus. Det er eit sterkt uttrykk for at den som ikkje vil grunnleggje si tru og si lære på Jesus sine ord, han er på ville vegar. Ein tjuv og ein røvar, det er som regel ein som langt på veg berre tenkjer på seg sjølv, og som ikkje vil innrette seg etter andre og dei retningsliner som gjeld for fellesskap i samfunnet. Faren for å gå sine eigne vegar, vere sentrert om seg sjølv, byggje på eigne føresetnader, lage nye inngangar til himmelen er konstant til stades for både truande og ikkje-truande. Jesus sine ord vil minne oss om denne faren.

  5. Vi kjenner Jesus si røyst
  6. Eg minnest frå eit besøk på eit supermarknad i Oslo der det var eg stod i ein lang kassakø at ein mann som eg hadde møtt ei par gonger kom bort til meg utafor butikken og sa: "Eg høyrde stemma di i køen, eg såg deg ikkje, men eg høyrde det var du". Då vart eg overraska. Tenk at ein mann som eg hadde møtt berre nokre få gonger kunne kjenne meg att på stemma midt i Oslo sitt mylder. Faktisk har vi menneske ei fantastisk evne til å kjenne att stemmer. "Sauene kjenner hyrdingen sitt mål", seier Jesus. Ja, kanskje vi skulle spørje oss sjølve neste gong vi høyrer ein andakt eller ei preike eller Guds Ord lese: Høyrer eg Jesus sitt mål? Høyrer eg hans kjærlege stemme som kallar meg til sitt fellesskap og som utfordrar meg til å følgje han? Eller høyrer vi berre framande tankar som gjer oss urolege? Jesus har kalla oss alle med namn og kome oss nær i dåpen - vi kjenner han att alle dersom vi søkjer han. Og i det å kjenne han att ligg livet: "Eg er komen for at de skal ha liv og overflod", sa Jesus.

    "Denne kvelden eller denne natta opnar Kristus døra for paven", sa fungerande biskop i Roma siste dagen paven levde. Jesus opnar døra når han opnar sine armar og tek imot alle truande som kjenner hans røyst, for han er sjølv døra.

Geir Sørebø