2. søndag etter påske

Joh 10,11-16

DEN EINE GODE HYRDINGEN

Vi prestar hugsar ordinasjonsdagen vår. Det er ein stor og viktig dag i livet vårt. Av og til må eg tenkje på eit bibelvers som vert lese under denne handlinga: "Ver hyrdingar for den Guds hjord som er hjå dykk!" (1 Pet 5,2). Som prest har eg fått i oppgåve å vere hyrding for kyrkjelyden. Har eg så vore ein god hyrding? Det er sikkert delte meiningar om det. Men ein ting verkar klårt. Når Bibelen talar om den gode hyrdingen, så er det alltid den eine og samen personen det er snakk om. Den gode hyrdingen er Jesus Kristus. Og kvifor er han den gode hyrdingen? Teksten for denne søndagen nemner tre kjenneteikn.

1. Den gode hyrdingen kjenner sauene

Då eg var liten, budde eg på ein gard med sauer. Det hende at vi borna fekk i oppgåve å passe på at sauene heldt seg på rett plass og ikkje kom inn på bøen. Men eg vart aldri nokon god gjetar. Det var noko som mangla. Eg kjende ikkje sauene våre. For meg såg alle sauer like ut. Det var eit mysterium for meg om ein sau var vår eller om han høyrde til hos naboen. Då var det annleis med mor mi. Ho kjende kvar einaste sau og hadde laga seg merkelege namn på dei. Kvifor kjende ikkje eg dei? Eg trur det måtte vere fordi eg ikkje var det minste interessert i sauer. For meg var dei berre ei plage.

Jesus, sa: "Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg". Jesus kjenner alle Guds born. Er ikkje det ein fin tanke? Det hender at folk lever tett i hop i mange år utan å kjenne kvarandre. Utan å kunne forstå kvarandre. Det er nesten ingen ting som er så vondt som det. Eg trur alle menneske lengtar etter å han nokon rundt seg som forstår meg. Nokon eg kan snakke med som verkeleg bryr seg om meg. Tenk at Jesus kan vere ein slik hyrding.

2. Den gode hyrdingen leier sauene

Sauene våre gjekk i fjellet om sommaren. Om hausten kom dei ned att. Eg ser for meg den store saueflokken framfor fjøsdøra. Etter månader i fjellet var sauene engstelege for å gå inn døra. Då prøvde eg gjerne å jage dei inn. Resultatet vart gjerne at sauene vart enno meir redde og rømde i alle retningar.

Då kunne det vere at bestemor mi gjorde det på ein heilt annan måte. Ho tok nokre røykjesildar og gjekk føre, og så kom heile flokken etter henne rett inn i fjøset. Då gløymde dei heilt å vere redde, for dei såg at dei kunne få noko godt.

Kva sa Jesus? "Eg har andre sauer og ... Dei og må eg leia; dei skal høyra mi røyst". Det er skilnad på å jage og å leie. Den som leier, går føre og viser veg. Den gode hyrdingen jagar ingen, han tvingar ingen. Han er glad i Guds born. Han går sjølv føre. Viser vegen. Vegen til det gode. Så kan kvar og ein velje om dei vil følgje han etter. I min kyrkjelyd er "Lei milde ljos" ei av dei aller mest brukte gravferdssalmer. Kvifor det? Er det ikkje fordi dei fleste menneske innser at i når livet går mot slutten, så er det berre ein ting som kan berge oss. Det er å verte leia av den gode hyrdingen. Og evangeliet fortel: Han ønskjer å leie oss.

3. Den gode hyrdingen set livet til for sauene

Onkelen min fortalde for ein gong om korleis han då han var ungdom og bestefar min ein haust fann eitt av lamma våre langt inne i fjellet. Det var kome ein del snø, og lammet greidde ikkje gå. Då bar dei det like heim att på skuldrane sine. Nesten to dagar brukte dei på dette. Kvifor streva dei slik? Fordi lammet var verdifullt for dei, og dei orka ikkje tanken på at det skulle pinast og svelte i hel.

Den gode hyrdingen gjer enno meir enn å streve og slite. "Eg set livet til for sauene", sa Jesus. Kvifor gjorde Jesus dette? Var det ikkje fordi han var så glad i oss at han ikkje ville tvinge oss. Det var akkurat denne måten han kunne berge oss ved kjærleik. Respektere vår menneskeverd. Gje alt for oss. Og så invitere oss til å følgje han. Det er stort å verte ordinert til å vere hyrding for kyrkjelyden. Men det er berre ein avglans av det at Guds Son vart vigsla til å verte kjend med syndarar, leie dei, late livet for dei og slik gjere teneste som den gode hyrdingen.

Geir Sørebø



.