2. søndag etter påske

Joh 10:11-16

 

I PREIKA

Finn eller lag ein HYRDESTAV, sei litt om korleis gjetarane bruka denne staven. Til å kvile på, jage villdyr (og slangar), stø seg til når ein gjekk……

Hyrde – eit litt ukjent ord for barn, kanskje gjetar er enklare?

Kva gjorde – og kva gjer ein hyrde?? Passar på, leier dyra til stader der dei får ete seg mette, jagar vekk villdyr…. For ein god hyrde er det viktig at alle dyra har det godt! Ein god hyrde kjenner sauene sine og vil verne dei mot alt vondt. Kanskje seie litt om korleis landskapet såg ut i Israel og kva for dyr ein kunne møte på.

Jesus vil vera hyrde for oss i liva våre. Han vil passe på oss og vere saman med oss. På langfredag gav han livet sitt for oss – så glad er han i oss. Nå i tida etter påske har vi fest fordi Jesus knuste døden – han vart levande igjen! Difor er han saman med oss i dag også!

Har me bruk for ein gjetar i livet vårt? Det er kjekt å gjera ting på eiga hand og klare sjøl’! Men slik som det er godt å ha mamma eller pappa i nærleiken – slik er det godt å ha Jesus som venn. Med Jesus kan me snakke om det som er kjekt og moro og om det som er vanskeleg. Han høyrer på oss. Vi kallar det å snakke med Jesus for å be. Når me ber kan me snakke heilt vanleg og seie akkurat det som me har lyst til at Jesus skal høyre. Me kan også be til Jesus om at han på passe på dei som me er glade i eller andre barn som me veit har det vanskeleg (f.eks. for barna som opplever krig eller som sulter fordi dei ikkje har mat).

 

EI SALME

Salmer 1997 Nr. 71 Tett ved sida mi går Jesus

 

LITURGI

Forbøna – bruke "Eg faldar mine hender små" (NoS 726)

Anne Berit Sunde