IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

2. søndag i Påsketida

Joh 10:1-10

I PREIKA

Da eg var skulejente og gjekk i 5.eller 6. klasse bytta eg og familien min hus med Besta og Bestefar. Sjølv om eg ikkje fekk eige rom med det same, fekk eg nytt rom. Det var stort og godt, det fekk bare vere at bror min hadde den andre halvparten. Over senga mi hadde eg eit bilde som mamma hadde gått med på at eg skulle få ha der. Det var ganske stort og litt gamaldags og bleikt i fargane. Men eg var så glad i det bildet og synast at det var godt å kunne kikke opp på det før eg skulle sove om kvelden. Bildet synte Jesus som gjetar (hyrding) for sauene. Han satt på ein stein og kikka på dei med milde og varme i augo. Eg kjende meg så trygg, og tenkte at på ein måte var det slik at eg var ein sau og Jesus passa på meg.

Eg er døra seier Jesus, dei som kjenner meg kjenner og målet mitt. Korleis kan Jesus vere dør? Og kvar kan me bli kjent med røysta til Jesus? Kjenner du nokon som gjeter sauer i dag?

Utfordre ugane til å vere med og svare på desse og liknande spørsmål. Fokus: ein hyrde er ein som passar på sauene og "døra Jesus" leier inn til himmelen.

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 118: Herren er min hyrde

LITURGI

Dåpspåminning: Dåpen er vårt møte med den gode hyrding, frå no av skal me lære hans stemme å kjenne, gjennom bibel, bøn og gudsteneste. Dersom det ikkje er dåp i gudstenesta kan det vere fint å bruke ordninga frå Familiemessa for dåpspåminning. Om det er dåp kan ein seie nokre ekstra ord før dåpssalma el.l.

God Påske!

Anne Berit Sunde J