17. søndag etter pinse

Joh 11,17-27.37-44

OPPSTODA ER MEIR ENN VÅREN

Det er haust. Blomane døyr snart. Døyr for å stå opp att om våren. Nokre seier at det er fint at teksten om Lasarus som vert vekt opp frå dei døde vert lesen om hausten. For etter hausten kjem våren. Liksom blomen visnar og veks att om våren, skal vi døy og stå opp. Men dette fine biletet strekk ikkje heilt til. Løvetannen er ikkje død om vinteren. Han har ei levande rot under jorda. Døden er berre tilsynelatande. Han er ikkje verkeleg. Vår død er verkeleg. Teksten talar sitt realistiske språk om ein lekam som det luktar av fordi han har lege tre dagar i grava. Og om Jesus som vert sterkt berørt. Tre tankar spring ut av teksten:

1. Hugs at du skal døy!

Dette var ein av dei gamle romarane sine visdomsetningar. "Memento mori" - hugs at du skal døy.

For eit par år sidan opplevde vi eit massedrap i ei baptistkyrkje i USA.. Midt under ei ungdomsgudsteneste i ei baptistkyrkje kom ein mann inn i kyrkja og skaut inn i ungdomsflokken med ein pistol. 9 vart drepne og mange skada. Midt i ein trygg og god atmosfære, der ein sikkert opplevde Guds nærleik, var døden eit faktum. "Memento mori". Kor mange gonger har eg ikkje som prest snakka med ein familie som gav uttrykk for at døden hadde kome så heilt uventa. "Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døytt", sa Marta. "Kunne han ikkje ha laga det så at denne mannen ikkje hadde døytt?", var det andre som sa. Døden kjem som oftast på feil tidspunkt. Vi tenkjer ofte at dersom eitt eller anna hadde vore annleis så hadde vi unngått døden. Men dette er eigentleg å gå utanom livet sine realitetar. Jesus let døden verte verkeleg i familien. Som om han ville seie: "Hugs at du skal døy!"

2. Hugs at du skal stå opp!

For nokre år sidan vitja eg ein eldre mann som hadde fått kreft. Han var fullt innforstått med at han kom til å døy av sjukdomen. Men i tankane hans var det noko anna som stod like fast. Han sa til meg: "Dersom det er du som kjem til å tale i gravferda mi, så vil eg at du skal gå ut frå eit bestemt bibelvers". Og så fekk eg ein liten lapp. På den lappen var det skrive: "Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg skal leva om han så døyr". Det vart ei fin gravferd full av håp. Ved kvar einaste gravferd vert det sagt på grava: "Av jord skal du atter stå opp!". Kanskje har vi høyrt denne setninga så ofte at vi likevel ikkje høyrer det radikale innhaldet. "Bror din skal stå opp att", sa Jesus til Marta. I Betania skulle dette skje før tida for at Guds herlegdom skulle openberrast og folket kome til tru på Jesus. Og for at vi skal kunne seie til kvarandre: "Hugs at du skal stå opp".

3. Hugs at trua er det avgjerande!

For nokre år sidan sende vi dotter vår som då ikkje var så gammal med fly åleine til Kristiansand. Kvifor kunne vi gjere dette og vere trygge på at det gjekk bra? Fordi vi visste at bestefaren stod på flyplassen og tok i mot henne. Dei kjende kvarandre frå før. Både vi og jentungen hadde tillit til han. Ho hadde gjennom fleire år gode erfaringar saman med han.

Slik er det for ein kristen å døy i tru og oppstå i tru. Det er å kjenne Jesus her i livet og så verte møtt av ein ven. Utan dette venskapet og utan denne trua vert oppstoda utan haldepunkt. Oppstoda vert som når eit barn som kjem til ein storby utan nokon som møter det. Eit barn fortapt i det ukjende. Jesus sitt spørsmål til Marta vert aldri uaktuelt: "Kvar den som lever og trur på meg skal i all æve ikkje døy. Trur du det?"

Ja, den store oppstoda som vi alle skal ta del i, er langt større enn ein norsk vårdag. Då skal vi alle sjå Guds herlegdom. Sjå at kjærleiken er sterkare enn døden. Sjå at trua har vore berekraftig. Sjå at dei som har hatt Jesus som ven i dette livet, skal leve som hans vener i all æve. Trur du det?

Geir Sørebø