IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

17. søndag etter Pinse

Joh 11:17-27.37-44

I PREIKA

GUD KAN ALT! Han kan til og med gjere den som er død levande igjen!

Overskrifta mi for dagen vert: Gud kan alt, med fokus på Lasarus. Kor fantastisk det var. Kor lei seg systrene – og Jesus – var på førehand, og kor glade dei vart etterpå! Dei fekk bror sin tilbake! Ta samandrag av teksten (sjå også på det som er utelate i preiketeksten!!) og mal eit tydeleg bilde av kva er det som skjer, det er fort å gå seg vill i alle dialogane! Reflektere over: Gud kan alt, MEN HAN GJER DET IKKJE ALLTID! Dei som dør vert som regel ikkje levande igjen, (sjølv om det kan finnast nokre få unntak, også i dag…..) At Gud ikkje gjer under kvar gong me skulle ønske han gjorde det, er ikkje det same som at han ikkje er nær og med oss i sorg og vanskelege dagar.

17. søndag etter pinse er hausten sin påskedag, difor vil eg slutte av med Jesu oppstode. Viktig skilnad: Lasarus døydde igjen, Jesus gjorde ikkje det! Han lever framleis, her kan ein og bruke "minneord": "Eg er oppstoda og livet.." Jesus gjev framtid, også i møte med døden!

Teksten er innhaldsmetta. Mykje stoff å ta tak i. Det kan fort bli litt mykje om preika er meint for barneøyre, à prioriter.

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 109: Vår Gud er så stor, så sterk og så mektig (bruk kroppen!)

LITURGI

Forbøna: Be særskilt for dei som sørgjer, barn og vaksne. Kan nokre barn vere med og lese forbøn og knele på altarringen under forbøna?

Guds signing!

Anne Berit Sunde J