5. søndag i faste

Joh 11,45-53

ALT FOR FOLKET

"Alt for Norge" er eit kongeleg valspråk som er kjent og kjært for alle nordmenn. "Alt for folket" kan gjerne stå som ei overskrift over dette tekstavsnittet som står der som eit bindeledd mellom forteljinga om Lasarus sin død og forteljinga om Jesus sin død. Dette avsnittet er viktig fordi det det viser samanhengen mellom under og teikn som hender mellom truande menneske og det som hende då Jesus døydde og stod opp. I dette Johannes-avsnittet finn vi tre førestellingar:

1. Farleg tru

Mange jødar kom til tru på Jesus etter at Lasarus var vekt opp frå dei døde. At stadig fleire kom til tru på Jesus, var ei skremmande oppdaging for dei leiande i landet. Dette var ei farleg tru. Ho var farleg for dei som trudde, og dessutan skulle denne trua koste Jesus livet.

For nokre år sidan hadde eg vitjing av ein kristen mann som hadde vakse opp under det kommunistiske regimet i det tidlegare DDR. Han var frå først av utdanna ingeniør og hadde ein god stilling i ei større industribedrift. Han vart i denne tida kristen, og han vitna om si tru på arbeidsplassen. Konsekvensen var at han fekk sparken og vart arbeidsledig. Men han var like brennande i si tru, og han kasta seg over teologiske studier. Men borna hans vart hindra i å få vidaregåande utdanning, pga. faren si tru. Sann tru har alltid provosert denne verda. Men det er ein overraskande tanke hos Johannes at det var folk si tru som framprovoserte justismordet på Jesus. Men Jesus let seg fange på grunn av folket si tru. Han ofra alt for folket.

2. Livgjevande offer

Det er ikkje uvanleg at Jesus sine motstandarar kjem til å uttrykkje djupe teologiske sanningar. Kaifas sine ord hadde ei djupn som øvstepresten sjølv nok ikkje såg ned i: "Det er betre for dykk at eitt menneske døyr enn at heile folket går til grunne". Ei politisk utsegn med ein skjult teologisk grunntanke.

Frå krigen vert det fortalt at nokre britiske soldatar var tekne til fange av japanarane. I fangeleiren måtte dei gjere snekkararbeid for japanarane. Ein kveld då arbeidet var slutt, ropa ei av vaktene: "Det manglar ein høvel. Einkvan har stole ein høvel". I vilt raseri ropte vakta at den skuldige skulle melde seg og ta imot straffa si. Ingen sa noko. Til sist ropte japanarane. "Dersom ikkje den skuldige melder seg, så vert de alle drepne". Det vart sendt bod på folk med våpen. Då steig det fram ein fange og sa: "Eg gjorde det". Han vart skoten i same minutt. Og dei andre fangane sende inn att på romma sine. Litt etterpå viste det seg at høvelen kom til rette att. Han som hadde stått fram og meldt seg, var uskuldig. Han valde å ofre seg for at dei andre ikkje skulle gå til grunne. Han valde å døy for at kameratane hans skulle få leve. Gjennom århundra finn ein eksempel på menneske som på denne måten har ofra sitt eige liv for at andre skulle få leve. Kanskje ofra ein livet for eitt anna menneske, kanskje for 10, kanskje for 100. Jesus døydde for alt folket.

3. Samlande død

Jesus skulle ved å døy samle til eitt dei Guds born som er spreidde ikring, seier Johannes. Den dagen kong Olav V vart gravlagd, stod mange av oss tett i tett langs Karl Johans gate i Oslo og følgde sørgesermonien. Sjølv var eg komen heilt frå Vestlandet. Det var folk frå mange deler av landet. Folk frå ulike politiske parti. Ulike yrkesgrupper. Ulike aldersgrupper. Men medan vi stod der, trur eg vi alle hadde ei kjensle av å vere eitt folk.

Det opplevde eg også då eg hadde vitjing av ein kristen frå det gamle DDR. Eg har møtt kristne frå Romania, USA, Polen, Mali, Chile. Endå så ulike vi er av kultur og språk, så får eg ei kjensle av at vi er eitt. Eitt folk her på jorda. Eitt folk ein gong i himmelen. Kort og godt fordi Jesus har døydd for å samle til eitt dei Guds born som er spreidde ikring. Fordi han ofra alt for folket.

Geir Sørebø