Palmesøndag

Joh 12,1-13

FEST OG FASTE

Eg såg denne overskrifta i eitt eller anna blad for litt sidan. Eg stussa litt over kombinasjonen av ord. Fastetida skal jo nettopp vere tida utan fest. Den perioden der kyrkja hentar fram den fiolette botsfargen på sine liturgiske plagg. Den tida der ein er sparsam med festlege dekorasjonar og unødig stas. Og så fører bibelteksten på palmesøndag oss rett inn i eit gjestebod. Og det eit gjestebod som inneheld noko som kan sjå ut som ei overdådig sløsing. Kva er dette for noko? Kva dreiar det seg om. Jau, om tre ting:

1. Takke Jesus for livet

Eg ser for meg eit lite glimt frå ein Dagsrevy. Det var ein mann som hadde vorte redda frå drukningsdøden på havet. Skipet hadde forlist. Han hadde hamna i sjøen, men vorten teken opp av eit redningshelikopter. Vi ser på skjermen korleis han vert omfamna av kone og born med tårer i augo. Det vart fest og glede då far kom heim. Kanskje vart det sendt blomar til redningsmannen.

Det var enno større det som hadde hendt i Betania. Jesus hadde vekt Lasarus opp frå dei døde.

Ikkje rart at det var fest i huset. Fest for livet. Fest for Lasarus. Fest for Jesus. Og i dette perspektivet var det få (berre Judas) som reagerte på å bruke ei årsløn til salve. Var ikkje eit menneskeliv verd meir enn ei årsløn? Her dreiar det seg om å takke Jesus for livet.

2. Ære Jesus som konge

For litt sidan var eg innom Førde kyrkje i Sunnfjord og såg på den prektige gamle altartavla frå 1643 som no er restaurert. Oppussinga har kosta eit millionbeløp. Og så vil altså nokre kunne seie: Men er ikkje dette sløsing med pengar. Hadde det ikkje vore meir kristeleg om desse pengane hadde gått til naudhjelp? Ja, hadde ikkje Judas faktisk eit godt poeng? (v.5) På toppen av altartavla i Førde står den triumferande Kristus. Heile tavla forkynner i eit vell av detaljar Kristi frelsesverk. Og så er jo spørsmålet då: Kor mykje er dette frelsesverket verd for oss? Er det så viktig at vi gjerne vil prioritere økonomiske midlar -sjølv i ressursknappe tider - for å gjere det kjent og vise det fram? Er det verd ein million å få tydeleggjort at Jesus er kongen som har sigra over djevelen og døden. Det var dette dei svara ja til i Betania då Jesus som Guds Messias fekk den kongelege salve.

3. Forkynne Jesu død

Mange har i den siste tida reagert på at gravferdsstønaden frå det offentlege i Noreg på 4000 kr. har falle bort. For ei gravferd kostar. Dødsannonse kostar. Kiste. Blomar. Songar. Minnesamvær. osv. For dei færraste ønskjer at ei gravferd skal gå føre seg ubemerka i det stille. Dødsfallet skal gjerast kjent. Det skal kome til uttrykk kva den døde betydde for andre menneske. Og det er godt å oppleve fellesskapet i sorga. I Betania sa Jesus om Maria: "Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min". Det var vel ikkje så uvanleg å salve døde. Men når salven vert teken fram alt i gjestebodet, føregrip Maria det som skal hende med Jesus og forkynner hans død. Og det får koste kva det vil. For Jesu død er så avgjerande for alle menneske. Den skal ikkje gå forbi i det stille.

Fest og faste - ein underleg kombinasjon. Og dette kan vi på palmesøndag alle ta del i når vi under nattverdsfeiringa reiser oss og syng akkurat slik dei gjorde utafor Jerusalem sine portar: "Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!" Då forkynner vi Kristi død. Då ærar vi Jesus som konge, og då takkar vi han for livet som han stadig gjev oss.

Lasarus sitt nye liv vart fort trua, og snart skulle han døy igjen. Vårt nye liv gjeve av den krossfeste og oppstadne Kristus, er evig og urokkeleg.

Difor veks den ekte festen ut av fastetida sitt evangelium. Fest og faste.

Geir Sørebø