Palmesøndag

Joh 12,12-24

"VI VILLE GJERNE SJÅ JESUS"

Palmesøndag er plassert midt i pasjonstida. Likevel er dagane før palmesøndag prega av eit lett kaos i samfunnet vårt. Folk pakkar og legg planar for fridagane, og trafikken på vegane aukar. Denne litt urolege steminga møter oss også i bibeltekstane. Folk var i oppbrot også framfor den jødiske høgtida. Men i slike stunder hender det også at folk stiller nye spørsmål og får ei ny erkjenning. Det gjorde mange som var samla i Jerusalem, og det kan vi gjere i dag. Det teksten fortel, kan summerast i tre tema:

1. Lengten etter Gud

Eg høyrde om ein dansk prest ein gong. Han var ein slik prest som prata om så mangt mellom himmel og jord på preikestolen, men kyrkjelyden tykte ikkje dei fekk så mykje ut av å høyre på han. Så hende det at ein søndag han kom opp på preikestolen, då låg det ein liten lapp der. På denne lappen stod desse orda: "Vi ville gjerne få sjå Jesus". Orda er henta frå denne palmesøndagens tekst. Dei vart første gongen uttala av nokre grekarar som var komne til Jerusalem for å feire påske der. Seinare har orda ofte vorte siterte, og vert nytta som eit uttrykk for den lengt som ligg nedfelt i oss alle etter å kome nærare Gud. Det skulle vore interessant å vite kor mange det er som deltek i den norske påskefeiringa som også sukkar med seg sjølv og seier: "Vi ville gjerne få sjå Jesus".

2. Synet av den oppofrande tenaren

Mange gonger har biletet vore teke fram att i norske aviser og publikasjonar av kong Olav på trikken på veg til Nordmarka kledd i nikkers og anorakk. Biletet er teke i det han dreg opp lommeboka for å betale trikkebiletten. Dei fleste passasjerane hadde visst nok ikkje oppdaga at det var kongen, for han var lik alle dei andre som tok trikken den gongen det var bensinrasjonering.

Den som gjerne ville sjå Jesus, fekk aldri sjå noko meir enn eit menneske som kunne forvekslast med dei andre i mengda. Hyrdingane såg eit heilt alminneleg barn i ei krubbe. Folket i Nasaret som møtte han i synagoga, sa: "Er ikkje dette son til tømmermannen?" (Matt 13,54) Og i Jerusalem såg dei i påska ein som fekk same handsaming som forbrytarar. Då Jesus fekk høyre at det var nokre som hadde store forventningar til å få sjå han, så var Jesus sitt svar: "Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde". Også i dag er Jesus å finne mellom vanlege menneske som kjem saman i sårbare og ufullkomne miljø. Menneske som samlast i store og små bygg med ein kross på taket - eller ved ein samanspikra kross ute i naturen eller på ei hytte. Den som vil sjå Jesus, må søkje dit det er reist ein kross og der vanlege menneske erfarer at dei kan kome med sine synder til han som var viljug å døy for å berge oss.

3. Tilbedinga av den fattige kongen

Det er ingen mangel på tilbeding i vårt samfunn. I 1999 vart det kjøpt og selt fotballspelarar i Premier League i England for 1,5 milliard kroner. Og Rosenborg kjøpte John Carew for 25 millionar, ein ungdom som dei no har selt igjen for ein enno større sum. Når fotballklubbane kan kome opp med slike svimlande summar, så er det jo fordi mange av oss tilbed dei styrtrike fotballstjernene og betalar i dyre dommar for å sjå dei i aksjon.

Palmesøndagen sine jubelrop var retta mot ein helt som var heilt annleis. Ein som hadde valt å vere fattig mellom fattige. Ein som hadde valt å lide med lidande og døy for syndarar. Ein som hadde vist dei ei kjærleikskraft som var sterkare enn døden og som hadde kalla Lasarus ut av grava.

Også denne palmesøndag er det nokre som syng: "Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!". Det vert sunge framfor nattverdsfeiringa i kyrkja. Då skal alle vi som lengtar etter å kome Gud nær, kunne gå til altarringen og få eit glimt av den oppofrande tenaren. Der skal vi i dag kunne knele og tilbe den fattige kongen.

Geir Sørebø