IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Palmesøndag

Joh 12:12-24

I PREIKA

Palmesøndag har litt svung over seg. Ein ganske fascinerande dag. Kva var det som fekk folket ut? Kva var det dei såg i han som kom ridande på eit esel? Kva var det som fekk dei til å juble for han som kom ridande inn i byen synge Hosianna! Han kan umogleg ha sett så kongeleg ut der han humpa inn på eit esel likevel breidde folket både kappe og greiner på bakken så han fekk ri over; som om det var ein raud løpar. Jesus var og er den kongen som er annleis. Som er audmjuk og som bøygar seg ned, meir oppteken av å tene enn av å herske. Han sa han var førebilete for oss!

Kva med å spele inntoget under preika. Jesus kan me late som om er der barna har stor evne til å late som, bruk denne nå! Vel ut nokre barn i ulike aldrar til å vere palmesvingarar, gje dei greiner i henda og syn kvar dei skal stå. Vel ut nokre andre barn til å vere læresveinar og vener av Jesus dei var da også i følgjet dei bør da gå bak Jesus, så blir det lettare å sjå for seg kor Jesus er også. Dersom du vil ha med heile evangelieteksten må det veljast ei gruppe med grekarar, og kven som er Filip og Andreas. (Bruk gjerne vaksne også!) Ver coach og guide og lei barna gjennom forteljinga. Ver open for impulsive forslag frå aktørane, men hald tråd og retning.

EI SALME

Norsk salmebok nr. 137: Hosianna! Syng for Jesus

LITURGI

Prosesjon: Start gudstenesta med eit palmeopptog! Der søndagsskuleungar (el. andre) kan vere med og rope ut: "Hosianna!". Ein treng ikkje å ha ekte palmegreiner for at me kan kjenne at dette har med folkets jubel mot Jesus å gjere. Skjær av nokre greiner i næraste tre, eller lag nokre sjølve i papp og papir.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J