Søndag før faste

Joh 12,24-33

DET ER NOK EI MEINING MED DET ...

For litt sidan høyrde eg i radioprogrammet "Spør presten" at ein innskrivar var fortørna fordi han hadde opplevd eit uventa og vondt dødsfall. Og så hadde eit velmeinande menneske sagt: "Du skal sjå at det er ei meining med det". No høyrer det med til den moderne sjelesorga si ABC at ein ikkje skal finne meining i meiningslause dødsfall. Noko som også vart stadfesta i radioprogrammet.

Jesus brukte imidlertid mykje energi i å vise at det var ei meining med at han skulle døy 30 år gammal. Fornuftige menneske prøvde å overtyde han om at hans død var meiningslaus. Men Jesus heldt fast på meininga. Hans død var meiningsfylt fordi:

1. Hans død skulle føre til maktskifte på jorda

Den svenske biskopen Bo Giertz har skrive eit lite hefte om lidinga sitt problem. Her påpeikar han at lidinga har vorte uforståeleg for dagens kristne fordi vi har gløymt djevelen. Det hadde ikkje Jesus. Jesus kalla han for hovdingen for denne verda: "No skal hovdingen over denne verda kastast ut".

Hitler hadde sett seg fore å verte hovding over denne verda. Det vart etter kvart eit mål for alle gode krefter å fjerne han. Det kunne ikkje late seg gjere utan enorme lidingar både for kjempande soldatar og uskuldige sivile.

Når Jesus har sett seg fore å kaste ut den verkelege hovdingen for denne verda, så kan ikkje dette gjennomførast utan store lidingar for Jesus sjølv og for alle som kjempar med han.

2. Hans død skulle gje liv til mange

I dag når desse linjene vert skrivne, har eg hatt gravferd for ei 98 år gammal dame. Ho budde åleine i eit avsidesliggjande hus heilt til ho døydde. Kvar vår heilt fram til i år sette ho poteter. Ho gjekk med stav, men likevel greidde ho å grave ned nokre såpoteter og hakke opp nypoteter om hausten. Meiningslaust? Nei, ho måtte oppleve underet på nytt kvart år. Ei gammal potet rotna i jorda, men vart opphav til ein heil familie med friske nypoteter. Akkurat som kveitekornet. Akkurat som Jesus. Når vi ein dag forundra står opp av jord, slik presten seier ved grava, skal vi sjå underet: Hovdingen er fjerna. Vi lever på nytt, friske og nye i eit fritt rike, ei oppfylling av Jesus sine ord: "Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn, men døyr det, gjev det stor grøde".

3. Hans død skulle samle alle

"Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg". Dette sa han for å syna kva slag død han skulle få.

Eg var mellom dei mange tusen som stod ved Karl Johan med tårer i augo den 30. januar 1991 då kong Olav vart gravlagd frå Oslo Domkyrkje. Det var ein dag Oslo var kledd i sorg. Etter gravferda samlast ein skare av folk utafor slottet. Vi venta på at den nye kongen skulle vise seg på balkongen. Og då kong Harald steig ut der oppe, ropa vi i begeistring: "Kongen er død! Leve kongen!" Dette var ei eineståande oppleving. Og likevel berre som ein bleik avglans av det som ein gong skal hende i himmelen, når menneske frå alle nasjonar ropar idet Jesus kjem til syne: "Kongen er død! Leve kongen. Halleluja!"

Jesus sin død er ein død med meining. Jesus sin død gjer at den truande kristne sin død aldri vert utan mål og meining.

Geir Sørebø