IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Fastelavnssøndag / Søndag før faste

Joh 12:24-33

I PREIKA

Sjå på Jesus og berg livet!

Start preika med å gjenfortelje om Moses og kopparormen. Om korleis ormen vart festa til ei stang, og at den som såg dit berga livet. Forklar ordet frelse. At det er å bli berga ut av noko, redda frå noko. La gjerne barna vere med og hjelpe til med forklaringa. Jesus frelste oss da han døydde på krossen. Frelste oss frå synd og død.

For mange er fastelavn ein festdag, med bollar og fjærpynta fastelavnsris. Nokre siste sprell før fastetida byjar. Korleis ta med seg festen og gleda inn i gudstenesta denne dagen??? Kva med å avslutte preika med ein aktivitet der alle (som vil) kan få ta del. Kva med å pynte krossen med fargeglade silkepapirblomster? For å syne vår takksemd til Jesus for at han var villig til å døy i staden for oss! Avslutt med Joh 3:16.

EI SALME

Norsk salmebok nr. 347: Kven er han som bur i stjernehall

LITURGI

Inn- og utgangsprosesjon: Med krossen høgt løfta!

Guds signing!

Anne Berit Sunde J