Sundag før faste / Fastelavnssundag.

Tekst: Johannes 12 24-33.

Kvifor karneval og fastelavn?

På komande sundag feirar me fastelavnssundag. "Fastelavn" kjem i frå det tyske ordet "faseln", som tyder å laga løyer, å ha det gøy. Den tyske "Fastelabend" var ein kveld for ulike spilloppar og moro. Fastetida startar nemleg først på komande onsdag = oskeonsdag. Før den meir alvorsame fastetida startar på oskeonsdagen, så er det meininga at ein skal ha det litt gøy og morosamt.

For augneblinken feirar mange karneval anten i barnehagen, på skulen eller ute i den store verda: Karneval i Rio de Janeiro. "Karneval" tyder "farvel til kjøtet". Denne feiringa er ein fest som kjem rett før fastetida. Karnevalsfeiringa markerar overgongen frå fest og glede til meir ettertanke og alvor.

Før i tida feira ein gjerne "feite-tysdag" på tysdagen før oskeonsdag, på siste dagen før fastetida starta. På "feite-tysdag" åt ein feit og kraftig mat, til dømes salt lammekjøt, flesk og kålrabi. Dette blei då den siste dagen der ein kunne unna seg feite og margfulle kjøtrettar. Ein kan vel nesten seia at dette var ein norsk måte å feira karneval på. For "karneval" tyder jo som sagt "farvel til kjøtet".

Oskeonsdagen og fastetida vart innleia med enkel og mager kost. Kvifor skulle ein så eta slik kost i fasten? Eit viktig poeng var at ein ved å eta enkel og mager kost skulle leva nærare Jesus. Ein skulle koma nærare den kampen Jesus opplevde fram mot si siste påske her på jorda. Jesus visste at Hans veg gjekk mot krossen på langfredagen. Han visste at det ikkje var nokon veg utanom krossen for vår skuld. Men Jesus kvia seg. Han var sorgtyngd og ynskte å sleppa kross og pine. Difor bad Jesus til Far sin: "Far, er det råd, så lat denne skåla gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil." (Matteus 26 39b).

Jesus gjekk den tunge vegen til kross, pine og død for vår skuld og våre synder. Han gjekk den tunge vegen for å setja fri den som trur på Han. Den som trur på Han kan vera sikker på at ein er Guds barn og borgar av Himmelriket.

Lukke til med karneval, fastelavn og fastetid!