17. mai

Joh 12,35-36

... OG LJOS OVER LANDET STRØYMDE ...

17. mai kjem på den ljose årstida. Dagane er solfylte. Nettene er ikkje mørke meir. Vårblomane blomstrar. Det norske folk livnar til etter ein felles vinterdepresjon. Vi gleder oss over ljoset i naturen. Men det bibelteksten på 17. mai gjev oss eit møte med ljos som lyser enno sterkare:

1. Kristus sitt ljos

For over tusen år sidan sigla nokre kjøpmenn forbi øya Selja. Dei oppdaga ei søyle av ljos som gjekk frå øya til himmelen. Då dei gjekk i land og undersøkte, fann dei ein lysande hovudskalle der ljoset kom frå. Slik står det i legenda om dei heilage på Selja. Ljoset skulle kome frå leivningane av den kristne Sunniva frå Irland som hadde mist livet her. Legenda fortel også om kva slags folk det var som dei kristne frå Irland møtte då dei kom til norskekysten. Det var vill menn, framande for fornuft. "Folket her var nemleg forblinda av heidendommen, og med sine svake auge makta dei ikkje å sjå sanninga sitt ljos". Våre forfedrar levde i mørker. Så kom Kristus sitt ljos til landet. Dette er jo ein tanke som fedrelandssalmen er prega av: "Vårt heimland i mørker lenge låg, og vankunna ljoset gøymde...Du sende ditt ord til Noregs fjell og ljos over landet strøymde".

Jesus presenterer seg som ljoset for verda. Ljoset som er kome til verda i eit spesielt år, og som har si fastsette tid i denne verda. Ljoset som kom til Noreg for tusen år sidan, og som har sin tiltenkte periode her. "Endå ei lita stund er ljoset mellom dykk", sa Jesus til læresveinane. Heldigvis gjeld desse orda framleis for vårt land.

2. Trua sitt ljos

For nokre år sidan var eg på Kanariøyane midt på vinteren. Her oppe var det mørkt og kaldt. Der nede var det sol og varme. Sjølvsagt var eg ute i sola og varmen heile dagen. Eg ville nyte varmen. Eg ville late ljoset og sola gjere sin verknad. Og sola gjorde underverknad. På ei veke var eg sjokoladebrun. "Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born av ljoset", sa Jesus. Vi vert prega av å tru på Jesus. Alle menneske vert det like visst som ein vert merka av solljoset. Slik var det også med dei 112 representantane som var samla på Eidsvoll i 1814. Grunnlovsarbeidet var prega av deira kristne tru - og dermed samfunnsutviklinga like fram til i dag. Tru på ljoset - så de kan verta born av ljoset. Dette er ei oppfordring frå Jesus til å leve i tru på ein slik måte at trua får prege vår utvikling som menneske i samfunnet. 17. mai gjev eit høve til å tale konkret om dette.

3. Kjærleiken sitt ljos

Vi høyrde det sagt i nyheitene i radioen. Eit skip var gått ned i Nordsjøen og fleire mann var sakna. Var det von om å finne dei i live? Det var svara frå redningssentralen at ein kom til å leite så lenge det var lyst. I mørkret var det ingen hjelp i å leite meir.

"Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk", sa Jesus. Kvifor og til kva skal vi gå? Ja, Jesus når Jesus snakkar om å gå - noko han gjer fleire gonger - så er det ikkje snakk om nokon turmarsj eller 17. mai tog, men det gjeld å rekke ut til stadig nye menneske kjærleikens ord og kjærleikens gjerningar. Difor skriv også Johannes i sitt første brev: " Den som seier at han er i ljoset, men hatar bror sin, han er enno i mørkret. Den som elskar bror sin, er i ljoset".

Med denne teksten lesen på 17. mai vert det markert at nasjonaldagen skal vere ein dag i solidaritet med andre menneske både i inn og utland. Ei politisk gruppering i Nord-Noreg har i desse dagar kunngjort at ein vil frårå folk å heise flagget på 17. mai. 17. mai har vorte for nasjonalistisk, vert det hevda. Men det treng slett ikkje vere slik at flagget gjer oss meir nasjonalistiske. Det norske flagget ber krossen som skal kunne minne oss om Kristus. Og der vi ber Kristus med oss, der går vi med kjærleikens ljos som lyser oss fram til vår medmenneske.

Det kvite Kristus-ljoset, det blå trus-ljoset, det raude kjærleiks-ljoset (som presten har kveikt under preika) må stå og brenne i lag. For i dag veit vi at desse fargane høyrer saman.

Geir Sørebø