22. søndag etter pinse

Joh 12,44-50

DEN EINE HIMMELVEGEN

Det var ein kveld vi sat på ferja over Sognefjorden to mann rundt eit bord i salongen. Så seier den andre, som tilhøyrde eit anna religionssamfunn, til meg: " Det er mykje fint i kristendommen, men det er noko eg reagerer på i di forkynning. Du seier at Jesus er den einaste vegen til himmelen. Eg skulle ønskje at du heller kunne seie: Jesus er ein av mange vegar til himmelen". For han meinte at å nå himmelen er som å nå ein høg fjelltopp. Ein kan nå toppen frå mange kantar, og ein veg opp til toppen heiter "trua på Jesus". Men det er mange andre vegar. Mange religiøse menneske tenkjer i dag som mannen på ferja, men dette stemmer ikkje med Jesus sine ord og kan difor ikkje gje oss fred i sjela. Lat oss høyre kva teksten for søndagen seier:

1. Jesus er komen som ljoset frå Gud.

I prostiet mitt ligg Noregs vestlegaste punkt, Utvær. Ei lita øy. Den øya som ligg lengst ute i havet av 1700 øyar i Solund. Ein kommune som er sett saman av ein vrimmel av holmar og skjer. Den som ein stormfull haustdag har sett korleis bårene bryt der ute i eit frådande hav, vert full av respekt for naturkreftene. Å kome seg på land i mørkret kan tykkjast umogeleg. Men på Utvær står eit kjempestort fyrtårn. I mørke og uvær har dette gjennom årtider vore det faste punkt for alle på havet. Lyset frå dette tårnet har berga mange liv. I teksten for søndagen høyrer vi at Jesus sa: "Som ljos er eg komen til verda, så den som trur på meg ikkje skal verte verande i mørkret"

Ein annan gong sa han: "Eg er ljoset for verda. Den som følgjer meg skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos". Kanskje er du i ein livssituasjon som er slik. I stunder der alt vert mørkt, er det fint å verte møtt av eit klart ord frå Jesus som ikkje kan mistydast: "Som ljos er eg komen til verda, så den som trur på meg ikkje skal verte verande i mørkret". Jesus er komen som ljoset frå Gud. Dette var det første.

2. Jesus er komen med biletet av Gud

I ein konfirmanttime eg hadde, fekk konfirmantane i oppgåve å teikne Gud. Dei tykte det var ei umogeleg oppgåve, for som ein av dei sa: "Det er jo ingen som har sett Gud." Og så måtte vi snakke om kven Gud er. Det finst mykje gudstru rundt land og strand, men mange har ikkje noko bilete av Gud. I teksten vi las, stod det skrive: Jesus sa: "Den som ser meg, ser han som har sendt meg". Då Paulus gjekk rundt på torget i Athen fann han eit altar med innskrifta: "Til ein ukjend Gud". Det finst mange slike altar også i dag. Tenk om det var slik at eg i min angst og smerte, i min bekymring, ja, framfor døden skulle måtte stole på ein ukjend Gud. Men den gode bodskapen i dag er at Gud er kjend. "Den som ser meg, ser han som har sendt meg", sa Jesus. Dann deg eit bilete av Jesus. Eit bilete av korleis han møtte menneske. Eit bilete av korleis han rettleidde. Korleis han hjelpte. Korleis han elska. Korleis han ofra alt. Og så kan du seie: "Dette biletet er biletet av min Gud. Slik er min Gud. Min Gud er ein kjend Gud". Jesus kom med biletet av Gud.

3. Jesus er komen med ordet frå Gud.

Den største a-ha-oppleving som eg fekk då eg studerte teologi på Menighetsfakultetet, var at Bibelen er ikkje berre eit historisk dokument, men det er ei bok med eit levande ord. Bibelen er ikkje berre ordet om Gud, men det er Guds eige verkekraftige ord.

"Eg har ikkje tala ut frå meg sjølv, sa Jesus, men Faderen som sende meg, har gjeve meg påbod om kva eg skal seia".Det var Guds ord som lydde då Jesus sa til ein lam: "Stå opp, ta båra di og gå heim!" eller då han ropa inn i den døde Lasarus si grav: Lasarus, kom ut. Guds verkekraftige ord gjorde at det vart slik Jesus sa. Og det er det same Guds ord som vi i dag finn i vår Bibel.

Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, skriv Johannes. Jesus er komen som ordet frå Gud. Heldigvis er ikkje kristenlivet som ein tur mot toppen av Romsdalshorn. Då hadde eg måtta gje opp for lenge sidan. Nei, Gud er komen ned til oss. Heilt ned i dalbotnen, der vi går som har angst for dei store stupa og for mykje anna. Jesus er komen til kvart einskilt menneske. Han er komen med ljoset frå Gud. Han er komen med biletet av Gud. Han er komen med ordet frå Gud.

Han er den eine himmelvegen.

Geir Sørebø