IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

22. søndag etter Pinse

Joh 12:44-50

I PREIKA

Jesus er Guds andlet. Før var det sånn at ikkje noko menneske kunne sjå Gud og halde fram med å leve. Dersom ein såg Gud andlet til andlet måtte ein døy. I Bibelen kan me lese om korleis Moses fekk sjå Gud bakanfrå i eit glimt. Gjennom Jesus kan me sjå Gud. Og sjølv om me i dag ikkje kan sjå han og møte han på gata. Så veit me så mykje om den tida han levde i, og kva for eit folk han vart fødd inn i, at me nesten kan sjå han klart føre oss.

Klarast ser me han føre oss gjennom dei handlingane han gjorde, og som det er fortalt om i Bibelen. Me kan sjå korleis han møtte menneska med omsorg og kjærleik, med tilgjeving og nye sjansar. Korleis han snudde liv opp ned og kunne lindre og trøyste der alle håp var ute. Likevel var det mange som ikkje ville tru, og det var mange som ikkje turte seie høgt at dei trudde på han. Eg aner meg litt frustrasjon i stemma hans over at folket ikkje skjønna kven han var. At dei ikkje skjønna at Gud var midt mellom dei!

Han var Guds andlet og kom som eit ljos til verda for å skina vekk alle mørke krokar. Har du nokon gong sett kor mykje lys det blir i eit rom av bare eit einaste lite stearinlys?? Om ikkje bør du teste: du treng eit mørkt rom, ljos, stake og fyrstikker! Tenn ljoset og sjå! Kven skulle tru at eit lite ljos kunne ete opp så mykje av mørket?! Kva kan ikkje Jesus fjerne av mørke krokar?! Han som sa om seg sjølv at han var verdas ljos!!!

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 98: Kristus er verdens lys

LITURGI

Altarljosa: Lat nokre barn få tenne altarljosa denne søndagen, enten heilt i byrjinga av gudstenesta eller før til vanleg tid. Nytt høvet til å seie litt om ljos i kyrkja kvifor tenner me dei eigentleg???! Kanskje kan ein bruke salma over medan ein tenner ljosa?

Guds signing!

Anne Berit Sunde J