Skjærtorsdag

Joh 13,1-15

DET VERKELEGE "ANNLEISLANDET"

I samband med den siste debatten og folkerøystinga om Noreg til tilknytnad til EU oppstod det eit nytt omgrep: "Annerledeslandet". For nokre hadde dette omgrepet ein negativ klang. Det var landet som stod utafor. Men for leiande politikarar på NEI-sida, var det ein visjon knytt til dette omgrepet. Dette var landet der andre og positive verdiar skulle stå i fokus. Ja, det var eit land som ved å vere annleis, skulle kunne vere eit førebilete for resten av verda. Realiteten i denne visjonen kan sjølvsagt diskuterast. Men i kapittel 13 i Johannesevangeliet får vi verkeleg sjå inn ei eit annleisland, der dei tradisjonelle marknadskreftene er sett ut av spel. Eit fellesskap der andre verdiar rår grunnen. Tre trekk pregar dette fellesskapet.

1. Svikaren er invitert

Eg gløymer aldri nokre timar på flyplassen i Tel Aviv. Det var kontroll av passasjerane før flyet skulle gå. Kofferten vart endevendt. Eg vart intervjua av to ulike uniformerte personar. Alle detaljar skulle gjennomgåast for at ein kunne vere sikker på at det ikkje vart ein svikar med på flyet. Ein som ville kunne setje tryggleiken for passasjerane i fare.

Då Jesus samla sine læresveinar til det siste måltidet, var svikaren med. Han hadde planlagt ei sabotasjehandling som skulle setje heile disippelfellesskapet og Jesus sitt livsverk ut av spel. Men Jesus visste alt. Han visste kven som skulle svike han, skriv Johannes. Likevel var Judas invitert. Han fekk føtene sine vaska. Han fekk sitje ved det første nattverdsbordet. Han var avslørt, men likevel inkludert. I dag ville han vorte arrestert. I annleislandet vart det Jesus, den uskuldige, som vart arrestert. Og dette var ingen glipp. Det var slik det skulle vere i annleislandet.

2. Leiaren er tenar

Noko av det mest fantastiske eg har sett i mitt liv, er Ceausescu sitt palass i Bucuresti. Den nest største bygningen i verda. Kledd innvendes med marmor og gull og enorme teppe. Fleire hundre menneske i Bucuresti sentrum hadde mista hus og heim fordi det hadde måtte ryddast plass for det enorme slottet. Ja, i realiteten hadde heile folket i Romania levd som fattige, fordi dei måtte tene leiaren sin.

Då Jesus samla sine læresveinar til det siste måltidet, låg han på kne ved eit vaskefat. Han bløytte føtene til læresveinane og tørka dei med handkleet. Peter var vaken nok til å protestere. Slik var det ingen leiarar som oppførte seg. "Aldri skal du vaska føtene mine". I alle verda sine land må folket betale skatt for at leiarane skal ha privilegier. I Jesus-landet, i annleislandet, er alt snudd opp ned. Der må leiaren betale for at folket skal ha det godt.

3. Omsorg er idealet

Noreg hadde suksess i sist vinterolympiade. Det var ingen land som i høve til folketalet vann så mykje som vi. Nokre meiner at grunnlaget vert lagt i vidaregåande skular med idrettslinjer. Ein vert opplært til å vinne. Ja, dette er jo ein tanke som pregar heile skuleverket. Du skal lære å vinne i samfunnet. Lære å vinne fram i samfunnsliv og næringsliv. Lære å verte betre enn dei andre. Lære å verte leiar.

Då Jesus samla læresveinane til det siste måltidet, gav han dei siste undervisingstime i læresveinskulen. "Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de og vaska føtene åt kvarandre". Læretida i annleislandet hadde vore ei læretid i omsorg. I Guds rike er målet for all vekst å tene kvarandre i kjærleik.

Å stige fram til nattverdbordet på skjærtorsdag er å stige inn i annleislandet. Det landet der også svikaren er invitert. Det landet der leiaren er tenar. Det landet omsorg er idealet.

Geir Sørebø