3. søndag etter påske
Joh 14,1-11

MANGE ROM, MEN EIN VEG

Alle vegar fører til Rom, seier eit gammalt ordtak. Alle vegar fører til himmelen, seier nokre. Men ikkje Jesus. Jesus seier i søndagens tekst noko heilt anna, som vi summerer i tre punkt:

1. Gud har rom for alle

For nokre år sidan ringde det på døra mi. Utafor stod to unge, hyggelege menn frå Jehovas vitne. Eg inviterte dei inn, og vi hadde ein interessant samtale om mange ting. Så kom vi også inn på det evige liv. "Kor mange trur de det er som kjem til himmelen?" spurde eg. Dei viste til kapittel 7 og 14 i Openberringsboka der det vert tala om 144000 som står framfor trona saman med Jesus.

"Men kor mange Jehovas vitne finst det i verda i dag?" undrast eg. Dei kunne opplyse at det var nærare 5 millionar. Eit raskt reknestykke viste då at i høgda eit par prosent av dagens Jehovas vitne kunne rekne med å kome til himmelen. "Høyrer så de med til desse som kjem til himmelen?", ville eg vite. Dei to mennene tvila på det. Det var kort og godt umogeleg. For det tok etter deira reknemåte alt til å verte fullt i himmelen.

Jesus sa: "I huset åt Far min er det mange rom". Ja, alt tyder på at det er så god plass at kvart menneske som er fødd på denne jorda kan få plass der. For det står skrive at Gud vil at alle menneske skal verta frelste og læra sanninga å kjenna (1 Tim 2,4). Vi må halde fast på at Gud har rom for alle og at han leitar etter alle menneske.

2. Til Gud går berre ein veg

Eg bur eit par hundre meter frå ein av dei mest trafikerte ferjekaiane i landet. Akkurat her kryssar stamvegen Sognefjorden. På andre sida av fjorden går vegen til Bergen og vidare sørover. Det er plass til uendeleg mange bilar på andre sida av fjorden. Men alle som skal kome dit må følgje ferja. Dei må køyre over den same smale ferjelemmen og inn på ferja. Her kan alle slags bilar køyre. Bilar frå ulike land. Bilar med bulkar og manglar. Alle kan krysse fjorden. Men då må alle følgje ferja. "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg", sa Jesus. Nokre menneske tykkjer dette er eit hardt og ekskluderande ord. Skulle det ikkje kunne gå an å kome til himmelen på mange måtar? Ingen tenkjer slik når dei står på ferjekaien i Lavik og ser utover ein fjord som er 1000 meter djup og nokre kilometer brei. Det er heilt sjølvsagt: Ingen bil kjem til Oppedal utan ferje. Slik er det også for den som verkeleg har sett den store avstanden mellom Gud og menneske og dei mørke djupa i menneskesinnet. Det går ikkje an å kome over med eiga hjelp. Og til Gud går berre ein veg.

3 Den som har trua på Jesus, kjenner vegen

Ein prest litt lenger inne i Sognefjorden hadde sineigen båt som han ofte nytta til ein veglaus kyrkjelyd inne i ein fjordarm. Han skulle ha ei samling ein kveld og drog avstad med båten i skumringa. Den kvelden låg skodda tjukk på fjorden. Han tapte land snart av sikte. Han køyrde og køyrde. Han visste kvar han skulle, men skjøna etter ei tid ikkje kvar han var. Turen som skulle vore unnagjort på eit kvarter, tok ein time. Mørkret seig på. Då skimta han eit lys. Han styrte etter lyset. Det viste seg då at det var lyset heime i prestegarden. Og no hadde han motsett kurs av det han tidlegare hadde tenkt. Han hadde god båt og kraftig motor, men hadde gløymt ein detalj: Kompasset. "Korleis kan vi då vita vegen?", spurde Tomas. Eit heilt innlysande spørsmål for den som ser mot dødens tåkeland. Jesus svarar på mange måtar: "Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min og. Frå no av kjenner de han ... Den som har sett meg, har sett Faderen ... Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!". Nokre vil seie: Denne trua er jo berre ein liten detalj i eit menneskesinn og eit menneskeliv. Ja, men så er det nett denne detaljen som er naudsynt for at vi kan finne den rette vegen. Den som har trua på Jesus, finn vegen. Og det er berre ein veg til Gud. Til den Gud som har uendeleg (12x12x1000) med rom. Rom nok til alle menneske på den jorda han har skapt.

Geir Sørebø