Pinsedag

Joh 14,15-21

DEN HEILAGE ANDE BUR HJÅ OSS

Den heilage Ande vart utrent over læresveinane pinsedag. Pinse er tid for å erkjenne og erfare at Den heilage Ande bur hjå oss og i oss kristne, slik teksten for denne søndagen viser oss (v.17). Denne teksten seier noko om kva som er følgjene av at Anden bur hjå oss:

1. Vi har fått ei ny slekt

Eg ser enno for meg ein nesten naken, handicappa gut i 7-8 års alderen som kryp over gata i ein by i Romania. Det var midt på natta og turistbussen eg var med i, hadde stoppa ved kryss. Vi køyrde nesten over han. Det tusenvis av foreldrelause born i denne verda. Ei brutal sanning. Men det er mange måtar å vere foreldrelaus på. Arne Garborg sitt teaterstykke "Den bortkomne Faderen" handlar om Gunnar Haave. Ein mann som hadde vore ute i den store verda og lært den moderne kultur å kjenna. Når han kjem heim att, seier han: "Gud kom bort for meg. Og det slokna i meg og kolna, og verdi vart som eit tomt hus der ingen bur". Slik kan menneske oppleve det. Ein har ikkje menneske ein er nært knytt til. Ein har ingen Gud som gjev livet mål og meining.

Pinsa gav ei oppleving motsett av dette. "Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag" (Apg 2,44). Den heilage Ande skapte eit nytt folk, eit nytt slektskap. Det var menneske som opplevde ei ekte og inderleg glede gjennom det nye fellesskapet. Jesus ville ikkje at dei som følgde han skulle vere att som foreldrelause born (v.18)

2. Vi har fått ein talsmann

Det var ei rettssak etter eit drap. Så vidt eg kunne sjå hadde ikkje den tiltala særleg gode argument. Men eg kunne ikkje anna enn beundre forsvarsadvokaten som stod fram på Dagsrevyen og hevda sin klient si uskuld.

Slik var det også med pressetalsmannen som eg høyrde i nyheitene etter at firmaet hadde permittert over hundre tilsette. Han forsøkte intenst å påvise at denne handlinga var heilt naudsynt for verksemda og eigentleg til beste for dei tilsette. Det er mange som har innsett at ofte har vi bruk for ein talsmann i livet.

Eg sat i ein samtale med ein eldre mann. Eg opplevde etter kvart samtalen svært avgjerande. Den dreide deg om hans frelse. Han var i naud. Han var i tvil. Og det var ikkje så lett å kome over alle hindringar. Eg hugsa at til sist måtte eg berre be i mitt indre: "Gud, gje meg dei rette orda. Heilag Ande, fyll orda mine med liv og kraft". For slik skal vi få be etter den første pinsedag. Vi skal kunne ha ein talsmann i møte med einskildmenneske, i møte med klubben, i møte med forsamlinga. Ja, faktisk til sist i møte med den himmelske dommar. For Jesus sa: "Han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid" (v.16).

3. Vi har fått lære sanninga å kjenne

Her i vinter ein gong høyrde eg eit artig innslag i radioen. Det var ein journalist som ringde til sentralbordet i Oslo kommune og sa: "Eg vil snakke med ein som kan seie meg noko om sanninga". "Kva for ein etat skal du ha tak i?", spurde sentralborddama. "Nei, det er det same", sa mannen, "berre det er ein som kan seie meg noko om sanninga". "Sanninga om kva da?", spurde dama. "Ikkje om noko spesielt", sa mannen. "Berre rett og slett sanninga". Då visste ikkje sentralborddama kva ho skulle gjere, men så sa ho: "Eg trur det er best du ringjer til Kirkerådet".

Eigentleg var ikkje den sentralbordama så dum. Ho visste at kommunen kunne seie noko om sanninga om trikken, og barnehagar, og sjukeheimar. Men kommunen hadde ikkje noko å seie om "sanninga i seg sjølv". Då måtte ein spørje kyrkja.

Og journalisten ringde til kirkerådet og stilte det same spørsmålet: "Kan du seie noko om sanninga?" Og dama som tok telefonen i Kyrkjerådet tykte eg svara på ein glimrande måte: "Den store sanninga", sa ho, "dreiar seg om to ting. Først: kven er Jesus? Og så: kven er du?"

Sanningsanden som kom pinsedag vil vise oss sanninga om Jesus og sanninga om oss sjølve.

Då Peter første pinsedag forkynte evangeliet så gjorde han eigentleg berre to ting: Først viste han tilhøyrarane kven Jesus var og avslutta med desse orda som viste kven folket var: "Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene. Då skal de få Den Heilage Ande i gåve". Dei var syndarar som ville få både tilgjeving og Andens kraft i gåve når dei vende seg om til Frelsaren. Også i dag vil Sanningsanden seie meg kven eg er og kven Jesus er. Her ligg løyndomen til pinsa si glede.

Dette går som ein raud tråd gjennom pinsa: Dei kristne skal ikkje vere som hjelpelause foreldrelause born i verda. Tvert om, vi har ein far som i si grenselause omsorg sender oss Talsmannen og Sanningsanden. Ikkje på ein fransk visitt. Men for å bu hjå oss.

Geir Sørebø