IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Pinse

Joh 14:15-21

Joh 6.44-47

I PREIKA

DEN HEILAGE ANDE er slett ikkje alltid så lett å få taket på. Det er litt vanskeleg med dette som er usynleg. Kanskje kan barna betre enn oss vaksne sjå for seg at Gud er saman med oss og nær oss gjennom Den Heilage Ande sjølv om me ikkje kan sjå han med auga våre.

Dette året har eg invitert mange små til gudsteneste på Pinsedag, eg vil difor fyrst og fremst konsentrere meg om teksten frå Apostelgjerningane 2:1-11. Om elden som syner at Gud er nær. Eg vil fortelje barna at når dei trur på Jesus er det som ei hemmeleg flamme brenn inne i dei. Den flamma er Den Heilage Ande, han vil lyse for oss og varme for oss og hjelpe oss til å tru på Jesus. (Det er viktig å få fram at dette er ein eld som ikkje er farleg, og som ikkje kan brenne oss!)

Det kan vere fint å ha ein plakat, eller eit bilde av eldtunger. Eg har symbolet på stolaen min. Det vil og vere fint å dele ut små flammer til alle, der ein kan skrive eit bibelvers på baksida. For eksempel: Joh 14:26: "Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk." Eller Apg 1:8 " Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft.."

Anden hjelper oss til å tru, sjølv om vi ikkje lenger kan sjå Jesus.

TRE SALMAR

Barnesalmeboka: Pinse det er glede

Norsk salmebok nr. 228: Vinden ser vi ikke

Norsk salmebok nr. 229: Ånden er kommet til oss ned

 

LITURGI

Utgangsprosesjon: Lat toget gå ut og rundt kyrkja, og syng bursdagssang for jubilanten! Kanskje er det fest etterpå med kaker og is??

GOD PINSE!

Anne Berit Sunde J