IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

3. søndag etter Påske

Joh 14:1-11

I PREIKA

"Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg." Minneord som heile kyrkjelyden bør kunne etter preika. Kva med å ha med tre store plakatar. Eit ord på kvar pluss ein teikning eller symbol som kan hjelpe til med å forklare ordet. Kva tyder orda?

VEGEN Vegen til Gud er ikkje ein heilt vanleg veg, som me kan gå eller køyre på. Jesus seier at han er vegen. Når me trur på han, og har han som venn, da går me på Jesus-vegen.

SANNINGA Jesus seier at han er sanninga om Gud. Når me les om Jesus i bibelen, og blir kjent med han, blir me og kjent med Gud. For Jesus er Gud. Den største sanninga om Gud er at han elskar oss så høgt at me knapt kan fatte det. Difor døydde Jesus på krossen. Det var noko som skilte Gud og menneske og det var synda. Jesus tok med seg all synd i døden. Det tyder at me kan ha kontakt med Gud, nå er det ikkje noko som skil oss.

LIVET Da Jesus døydde var alt bare trist, venene hans var triste, naturen var trist……. Kva nå? Da Jesus sto opp vart alt snudd opp ned. Sorga vart bytta ut med glede! Livet vann over døden. Eit slikt liv vil Jesus gje oss. Eit liv etter døden. Det er der Guds hus er. Der skal me få det fint. Det livet kallar me ofte for det evige livet. Og det kjem etter at livet på jorda er slutt. Og sjølv om livet på jorda er fint, blir det evige livet enda betre. Det kan me tenke på her på jorda, og så vert livet på jorda også litt spesielt fordi me er vener med Jesus – her er han vår usynlege ven. I himmelen skal me få snakke andlet til andlet.

Jesus seier at i Guds hus er det mange rom – med det meiner han at det er plass til mange. Guds hus er også vårt hus, og Gud håpar at mange vil kome og bu hjå han. Nå veit me kva me har å gjere: Tru på Jesus, ha han som ven og følgje etter han. GJENNOM trua vil Jesus leie oss heilt fram til Guds himmel.

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 71: Jesus har stått opp! (finnes og på bokmål)

LITURGI

Truvedkjenning: Kan ei barnegruppe eller nokre ungdomar vere med og leie truvedkjenninga denne søndagen? Dette trur me i lag, og dette er kvar og ein av oss døypt til og inn i. Kanskje kan ein velje ei truvedkjenning som kyrkjelyden ikkje brukar så ofte?

FRAMLEIS GOD PÅSKE!

Anne Berit Sunde J