Pinsedag

Joh 14,23-29

NÅR KYRKJELYDEN TEK FYR

Ein av biskopane våre sa for nokre år sidan at han skulle ynskje at det vart brann i alle kyrkjene i Norge. Han skulle ynskje at kyrkjegjengarane var i fyr og flamme. Han skulle ynskje at dei vart inspirerte og tok til å tale varme ord. Ord som sette kveik i atter nye menneske. Og det er jo dette som var opphavet til pinsa. At den himmelske eld oppglødde læresveinane, som i sin tur fekk andre menneske i tusental til å brenne for Jesus. Det er Den Heilage Ande som kveikjer denne elden, og teksten for første pinsedag viser meir i detalj kva Den Heilage Ande vil utrette hos dei som let Anden sleppe til:

1. Den Heilage Ande skal skape brennande tru

Eg kjenner ein mann som langt frå rekna seg som ein kristen. Han levde eit temmeleg uryddig liv. Han reiste til sjøs. Og av ulike grunnar byrja han i ledige stunder på båten å lese i Bibelen. Ein dag vart brått alt forandra. Han vart overtydd om at det han las om Jesus var sant. Frå den dagen var livet hans forandra, og han vart eit ivrig vitne for Jesus. Kva var det som hadde hendt? Ja, mannen var ikkje i tvil sjølv. Det var Den Heilage Ande som hadde kome og skapt brennande tru hjå han. Tru og nytt liv. Eit nytt godt liv.

I ei gamal salme står det to linjer som inneheld eit spørsmål som ofte er sitert: Av døpte vrimler land og strand, men hvor er troens brand? Pinsa gjev eit godt høve til å late Den Heilage Ande fyre opp under trua vår på nytt. Evangelieteksten på pinsedag endar med at Jesus seier at siktemålet med det han har sagt til læresveinane er at dei skal kome til tru

2. Den Heilage Ande skal gje oss brennande kjærleik

Det var ei dame som ein gong fortalde meg om han som ho hadde gifta seg med: "Eg hadde sett den mannen i mange år, og eg hadde aldri tykt det var noko spesielt med han. Og så plutseleg ein dag - pang - der vart eg stup forelska i han. Eg kan ikkje forklare kva som hende", sa ho.

Når det er slik mellom kjærastar og ektemakar at kjærleiken ikkje let seg forklare, kor mykje meir er det ikkje slik mellom menneske og Gud, og mellom medmenneske.

Den Heilage Ande vil gje oss brennande kjærleik. Andens frukt er kjærleik, skriv Paulus i eitt av sine brev (Gal 5,22). Pinseteksten byrjar med at Jesus seier: "Den som elskar meg, held fast på ordet mitt" Ordet "elske" kjem att mange gonger i teksten. Pinsa sin Heilage Ande vil gje oss brennande kjærleik.

3. Den Heilage Ande skal gje oss ei brennande von

Det underlegaste eg som prest opplever, er å kome inn til eit sjukt menneske som veit det ikkje har så mange dagane att å leve, men som likevel ser framover med glede og håp. Ser fram til eit liv som skal verte så mykje betre. Det er heilt naturstridig at eit menneske som veit det snart skal døy, ser framover med glede.

Da er det pinsa sin Heilage Ande som har skapt ei brennande von. Ikkje rart Paulus skriv til romarane: "Men Gud, som gjev von, han fylle dykk med all glede og fred i trua, så de kan vere rike på von ved Den heilage Andens kraft" (Rom 15,13).

Når Jesus, slik vi las i teksten for denne dagen, tala med læresveinane om Anden som skulle kome, så sa han: "Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause".

Pinsa vil gjere oss brennande. Den Heilage Ande som stadig kjem til oss på nytt vil gjere oss brennande. Brennande i tru, brennande i kjærleik, brennande i von. Måtte vi få ein slik brann i alle kyrkjelydane våre.

Geir Sørebø