IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Pinsedag

Joh 14:23-29

I PREIKA

Denne pinsa skal preika mi, fyrst og framst, handle om Den Heilage Ande. Anden er ikkje alltid like lett å få tak på – heller ikkje på vaksne (slik det så ofte er med slikt som er usynleg). Eg vil ta med meg tre ting for å synleggjere kva Anden har som oppgåve:

BATTERI

– Anden skal gje oss styrke og kraft. Til å halde fast ved trua, til å leve livet nær Gud og menneske. Kraft til å elske og bringe Guds kjærleik vidare ut til menneska rundt oss. Jesus spør oftare etter kjærleiken vår enn trua vår. Me skal få kvile i at han elska oss fyrst! "For så elska Gud verda at han gav Son sin…." Joh 3:16

KIKKERT

– Anden skal bringe Jesus nær livet vårt. Anden skal hjelpe med å få Jesus i fokus og gjere det som skjedde i påska klart og synleg for oss.

TEPPE

– Anden vert kalla trøystaren. Her kan me finne varme og mot til trua, og omsorg for sorgfulle hjarte. Gjer nytt håp! "Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause".

EI SALME

Norsk Salmebok Nr 228

Vinden ser vi ikke

 

LITURGI

Inngangsprosesjon

Pinse er festtid, dette er kyrkja sin fødedag. Lat barna få vere med og bære inn blomster til altaret (+ evnt. nattverdutstyr og andre ting ein brukar å ha på altaret), er det barnedåp kan jo dåpsbarnet og foreldre, søsken vere med i prosesjonen (da er det fint å la dåpsmugga vere med i prosesjonen og). La det vere høgtideleg men ikkje stivt. Gleda bør få plass i ei bursdagsfeiring!

Anne Berit J