4. søndag etter påske

Joh 15,10-17

DET STORE VALET

Livet er fullt av val. Små trivielle val som stadig vert repeterte - kva skal vi ha til middag i dag. Store val som kanskje vert gjorde ein gong i livet - kven skal verte min ektemake. I teksten for denne søndagen dukkar ordet val opp og gjev eit utgangspunkt for refleksjon om val i kristenlivet. Kva slags val kan vi snakke om her:

1. Det første valet

Det var ei ung jente som eg kjende. Det var nokre år sidan. Ikkje så lenge etter at ho var konfirmert. Ho reiste på ein leir om sommaren. Det var ein kristen leir for ungdomar. Der på leiren opplevde ho at ho fekk ny tru på Jesus. Og plutseleg såg ho mangt i livet på ein annan måte. Og så skreiv ho og fortalde om dette. I brevet frå henne viste ho til eit bibelvers som skulle forklare kva ho hadde opplevd. Det var nettopp dette verset som vi finn i preiketeksten for denne dagen. Jesus seier: "De har ikkje valt ut meg, men det er eg som har valt ut dykk". Eg har mange gonger måtta vende attende til dette brevet. Eg meiner denne unge jenta hadde gjort ei djup teologisk oppdaging. Når eg er kristne, så ligg det eit val til grunn. Og det er Jesus sitt val. Jesus har valt meg ut til å vere hans barn. Det er det første valet.

Jesus sine ord vart retta til dei tolv læresveinane. Det var ikkje dei som hadde teke initiativet og valt seg ut Jesus som meister. Det var han som hadde gjort det første valet og kalla dei til læresveinar. Men rekkefølgja er ikkje annleis i dag. Jesus har gjort det første valet.

2. Det andre valet

Eg kom i snakk med ei eldre dame her for ikkje så lenge sidan. Vi kom inn på konfirmasjon og konfirmasjonsførebuing. Ho lurde litt på kva vi dreiv med no for tida. Var det annleis enn den gongen ho var konfirmant? Etter at eg hadde fortalt litt, så sa ho: "Ja, det avgjerande er jo at konfirmantane tek eit val". Den gongen ho hadde vorte konfirmert, hadde ho måtta svare ja ved altarringen og gje presten handa på at ho ville følgje Jesus gjennom livet. "Og det må ikkje verte slik i dag at dei går utanom valet", sa ho.

"Ver i min kjærleik", sa Jesus til læresveinane. Først han hadde valt å elske dei. Så kunne dei altså velje om dei ville vere i denne kjærleiken. Og slik er det med alle oss som er døypte. Vil vi velje å vere i denne kjærleiken? Dette valet er heilt avgjerande. Vi må ikkje gå utanom det. Men dette er ikkje det første valet. Det er det andre valet. Vårt svar på Jesus sitt val. Jesus sitt kall.

3. Det tredje, fjerde, femte ... valet?

Det var ein eldre kristen mann som fortalde meg ein gong at han for nokre år sidan hadde vore på eit stort vekkingsmøte. Etter at predikanten hadde halde talen, så sa han til den store forsamlinga. "Og no må du velje. Du må no ta valet. Du som no vil gje deg over til Jesus, du skal rette opp ei hand og så skal vi be for deg her oppe på preikestolen". Og mannen tenkte som så: Dette er visst noko for meg. Eg må gje meg enno meir over til Jesus, og eg treng forbøn. Og han rette opp handa. Men med det same han hadde gjort det, så slo det han: Dette er ikkje rett. Eg har alltid trudd på Jesus. Foreldra mine bar meg til dåpen. Eg vart eit Guds barn. Eg vart lært opp i den kristne trua. Eg har alltid trudd på det eg lærde. Eg har for mange år sidan gjeve Jesus eit svar. Og så tok han handa ned att. Som i eit glimt hadde han sett det. Det var ikkje noko tredje, fjerde eller femte val som ville føre han fram til eit høgre stadium i kristenlivet.

Eg har sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer, sa Jesus. Og litt før - sjå tidlegare i Joh 15 - hadde Jesus sagt at læresveinane hans var som greiner på vintreet. Vart dei verande på treet skulle dei bere frukt, men skilde frå han ville dei ingen ting kunne gjere.

Det finst mange val i livet, men i kristenlivet finst det berre to grunnleggjande val. Først dette at Jesus har valt meg til sitt barn. Så dette at eg har valt å svare han eit ja. Og når eg så er og lever i han, så kan eg ikkje nå noko høgre i mitt kristenliv her på denne jorda.

Geir Sørebø