IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

15. søndag etter Pinse

Joh 5:1-15

I PREIKA

Tenk å ha venta 38 år på å bli frisk, det er lenge det. Tenk kor mange gongar han har vore skuffa, så mange gongar han ikkje hadde klara å komme seg ned til og uti dammen som den fyrste! Korleis er det å vere denne mannen trur du? Kva tenker han aller mest på? Trur du han er einsam? Han har ingen til å hjelpe seg ned til vatnet. Han har ingen rullestol eller andre hjelpemiddel. Bare ei båre som han ligg på.

Så kom Jesus forbi.

Kva spør han om?? Litt sjølvsagt – skulle ikkje tru at det var bruk for å spørje… Men Jesus gjer det likevel han: "Vil du verta frisk??" Og kva svarar mannen?? At det er så vanskeleg å komme seg ned til dammen! Kanskje han håpa at Jesus ville vere der og hjelpe han?? Han kjente ikkje Jesus og visste ikkje kva han kunne gjere. Nå hadde han vore her i 38 år – kanskje det nå var hans tur til å komme seg ned i dammen og bli frisk og rask??

Mannen vert frisk – men utan å vere uti vatnet. Jesus kunne gjere han frisk. Kva trur du mannen tenkte nå, da han kunne reise seg opp og ta senga si under armen…. Han var jo frisk jo!! Han må ha hoppa og dansa bortetter vegen, ansiktet strålande av glede.

Han visste ikkje kven som hadde gjort han frisk. Bare at det var ei stor, underleg og viktig hending. Noko han hadde drøymt om – men trudde aldri at skulle skje. Seinare på dagen fekk han møte Jesus igjen, nå visste han kven som hadde gjort han frisk. Det var Jesus!

EI SALME

Barnesalmeboka eller Barnesangboka: Takk min Gud for hele meg

LITURGI

Forbøn: Del ut papirhjarter under kunngjeringane. (eller la nokre nevenyttige i kyrkjelyden lage hjarte i tre, som vert måla raude – dei tåler betre ivrige barnehender) La forbøna verte ei vandring der kvar og ein tek med seg hjarte fram og legg det frå seg på altaret. Tanken er at små og store skal få legg frå seg hos Gud det me ber i hjarta – det me er oppteken av og tenker mykje på, er bekymra for… Kanskje er det ei hending, kanskje er det ein person me er glade i, kanskje er det oss sjølve?

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J