6. søndag etter påske

Joh 15,26-16,4a

UTAN VITNE ER SAKA TAPT

Alle som på ein eller annan måte har vore innom ei rettssak, veit kor viktige vitna er. Kva har hendt? Kva er sant i denne saka? Skal ein svare på slike spørsmål, er det ofte heilt naudsynt å ha vitne som har sett og som vil tale sant. Jesus treng vitne. Det siste den oppstadne Jesus sa til læresveinane sine var: "De skal vere mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar". Dette er også den raude tråden i den bibel-teksten frå Johannesevangeliet som vi høyrer denne søndagen til. Tre sider ved vitnetenesta kjem fram:

1. Alle kristne er sette til å vere vitne om Jesus

Eg ser for meg ein gamal mann på kyrkjeveg. Han var dårleg til beins. Han hadde ein kilometer å gå og han brukte lang tid. Og likevel gjekk han kvar gong det var gudsteneste. På eit tidspunkt mange yngre i bygda enno låg og sov. Han sa aldri så mange orda denne mannen. Likevel var han eit fint vitne for Jesus. Han viste tydeleg med si vandring til kyrkje at om søndags føremiddagen er samlinga om evangeliet og samlinga rundt nattverdbordet det viktigaste.

"De og skal vitne" (v.26), sa Jesus til læresveinane. Dette gjeld alle kristne menneske. For mange av oss som er yngre og som har betre helse, er det enklare å vitne med vår kyrkjegang enn det var for den gamle mannen .Johannes skriv i sitt brev: "Den som trur på Guds Son har vitnemålet i seg" (1 Joh 5,10). Det er mange måtar å vitne på. Nokre har fått gåve til å tale. Nokre har fått gåve til å be andre med seg på eit møte. Nokre har fått gåve til å be og samtale i heimen. Kanskje dei sterkaste vitnemåla har eg fått frå kristne menneske som i liding viser at dei får kraft frå Jesus. Alle kristne er på sin måte sette til å vere vitne om Jesus.

2. Når vi vitnar om Jesus, vitnar vi saman med Den Heilage Ande

Då eg var ungdom og gjekk på vidaregåande skule inne i Bergen, så hadde eg ein kveld vorte invitert med nokre andre ungdomar på eit kristent møte. Medan vi var på heimveg, spurde brått den eine meg: "Er du ein kristen?" Eit enkelt spørsmål - 4 ord. Og likevel opplevde eg nett då at spørsmålet gjekk langt inn i hjarta mitt og kravde eit ja eller nei til Jesus. Nokre få ord frå ein kristen kamerat, men Den Heilage Ande kom til og gjorde Jesus nærverande. I åra som kom vare eg ofte glad for at eg den gongen svara: "Ja, eg vil vere ein kristen".

"Når talsmannen kjem, ... då skal han vitne om meg", sa Jesus (15,26). I Johannesevangeliet er Den Heilage Ande si fremste gjerning å vitne om Jesus. Den Heilage Ande og vi skal vitne om same sak, sjå også Apg 5,32.

3. Vitnemålet om Jesus møter motstand

I Lavik kyrkje har vi ei gammal prosesjonsfane frå Mellomalderen. Ho ber eit bilete av Heilag Olav som trakkar på ein drake. Han har sigra over draken. Draken har underleg nok eit hovud som ber Heilag Olav sitt andlet. Kva skal dette tyde? Det viser at kongen først og fremst måtte overvinne seg sjølv når vitnemålet om Jesus skulle berast fram. Er det ikkje slik det er: Når vi vil stå fram som vitne om Jesus, så møter vi motstand og innvendingar. Og vi møter dei først og fremst inne i oss sjølve. "Dei skal kaste dykk ut or synagoga", sa Jesus til læresveinane (16,2). Ein hard motstand ville møte dei når dei stod fram som vitne om Jesus. Og likevel er den motstanden som vi møter i vårt indre, ofte like vanskeleg å overvinne.

Jesus møtte motstand. Peter møtte motstand. Paulus møtte motstand. Dei første kristne møtte motstand i alle land. Det har visstnok aldri vore så mange kristne martyrar i verda som i dag. I vårt land møter vi vel mest likesæla sin motstand. Motstanden viser at vi står inne i ein åndskamp som ikkje minst vert ført med Anden og Ordet sitt sverd (Ef 6,17). Kampen og saka hadde vore tapt utan vitne. Men det skal alltid vere vitne. Fordi alle kristne er kalla til å vere vitne. Og ikkje minst fordi Den Heilage Ande vitnar saman med oss. Difor vert saka vunnen.
Geir Sørebø