IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

6. søndag etter påske

Joh 15:26-16:4a

I PREIKA

Invitere ein misjonær til å vere med i denne gudstenesta.

Lag ei dialogpreike der de får fram korleis det er å vere misjonær, kva ein gjer, korleis det er å bu i eit anna land osb. (ver konkrete). Kanskje også barna kan få stille spørsmål til misjonæren. Kva gjer misjonæren når han vert redd? Få også fram at det ikkje alltid er like lett (sjølv ikkje i dag) å vere kristen – og å fortelje andre om Jesus. I nokre land er det forbudt! Sei også noko om kvifor ein likevel vel å fortelje om Jesus. (Alternativ er å sjølv fortelje om misjon, kva ein misjonær gjer, og kva som kan vere vanskeleg. Osb)

"Å fortelje om det de har sett og høyrt kan koste". Det sa Jesus til vennene sine i avskilstala si. Historia har synt at Jesus hadde rett. Dei fleste av læresveinane vart drepne på grunn av bodskapen om Jesus. Og i mange hundreår vart dei kristne forfølgt fordi dei trudde på Jesus. Likevel voks kyrkja enormt i denne tida. Mange av dei som såg at dei kristne var viljuge til å døy før dei fornekta trua, forsto at Jesus måtte vere viktigare enn alt anna.

Saman med misjonærane har alle kristne fått i oppdrag av Jesus å fortelje om det me trur på. Korleis kan me gjere det??? Kva når me vert mobba?? (samtal)

Matt 28:20 – Sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står!

EI SALME

Norsk Salmebok Nr 86 Navnet Jesus

Litt "gamaldags", men likevel ein god sang. Handlar om kva som er det viktige. Som lita var eg veldig glad i denne salma, (særleg 3.verset.) Eg var mørkeredd….og det å synge om Jesus som lyser opp hjalp faktisk! Også i dag kan det vere godt å minne på at midt i alt det som kan vere mørkt og vanskeleg så lyser Jesus!

LITURGI

Forbøna Be for misjonærane. Om kyrkjelyden er med i misjonsprosjekt, eller har sendt ut misjonærar kan det vere fint om ein først seier litt om dei /prosjektet slik at alle veit kva/kven dei ber for. Be også for kristne som vert forfølgt fordi dei seier at dei trur på Jesus.

Anne Berit J