3. søndag etter påske

Joh 16,16-22

OM EI LITA STUND ...

Den som les denne søndagens tekst kan ikkje unngå å leggje merke til desse fire orda som vert tekne opp att mange gonger: "Om ei lita stund ...". Dette er ord som mange av oss kjenner att frå vår kvardag. Om ei lita stund skal eg rydde på kontoret mitt, om ei lita stund skal eg vaske bilen, om ei lita stund skal eg gjere leksene. "Om ei lita stund" er gjerne innleiinga til ei forandring som truleg vil komme. Ei forandring som kanskje krev litt innsats av oss. Ein innsats som vi ventar med å ta fatt på til det vert heilt tvingande naudsynt. I bibelteksten signaliserer også "om ei lita stund" ei forandring. Ei forandring som syner seg på tre måtar:

1. Jesus vil kome til syne som sigerherren - om ei lita stund

I Høyanger kyrkje er det til altartavle eit stort glasmåleri av den krossfeste Jesus. Under dette glasmåleriet er det eit stort kunstverk laga med ein slags mosaikkteknikk. Her er det avbilda ein fugl som flyg ut av eit bål. Dette skal vere fugl Føniks som etter den gamle segna periodisk let seg brenne opp, for så om ei lita stund å stige fornya att av oska. Ein gammal kristen tradisjon har sett dette som ein symbol på Kristi død og oppstode. Slik vert vi kvar søndag minna om når vi sit i kyrkjebenkene at Kristi død var overgangen til den store fornying.

For læresveinane måtte Jesu død framstå som slutten på ei lovnadsrik tid med Jesus. Jesus måtte lære dei desse orda: "Om ei lita stund ..." Dette er trua sine ord. Sjølv om mange forventningar tilsynelatande vert lagde i grus og oske. Sjølv om kristentrua ofte opplever nederlag, så vil det for den som held seg til Jesus, alltid heite: "Om ei lita stund". Då vil endringa komme og Jesus vil kome til syne som sigerherren.

2. Verda si glede vil ta slutt - om ei lita stund

Ein av salmeboka sine mest sungne salmar er: "Å ver hjå meg". Det andre verset byrjar slik: "Kor snøgt han dalar, livsens stutte dag/og jordlivs glede med sitt tome jag!" Eg ser for meg ein gut i 3-4 års alderen som sist 17. mai gjekk rundt på skuleplassen stolt og smilande med ein svær, fargerik ballong. Så plutseleg kom smellet, og guten stod der nokre sekundar forskrekka med ei lita gummifille før han tok til å strigråte. Ein liten scene som på ein enkel måte framstiller vårt materialistiske samfunn sitt dilemma.

Ein kvar prest som har vore i teneste nokre år, har opplevd korleis sjukdom og ulukker brått har snudd opp ned på alle verdiar. Rikdom åleine betydde ingen ting meir. "Verda skal gleda seg", seier Jesus i teksten for dagen, men samanhengen viser at verda si glede har alltid sin ende. Den materielle glede vil alltid vere prega av desse Jesus sine ord: "Om ei lita stund".

3. Dei truande si sorg vil ta slutt - om ei lita stund

Eit eldre ektepar hadde bedt meg kom heim til dei for å halde nattverd saman med dei. I samtalen etterpå seier kona: "Eg bed om at vi må få døy samstundes, for vi har halde saman mest heile livet". Nokre månader etter døydde mannen. Kona levde att åleine, men berre ei lita stund. For knapt eit halvt år seinare døydde også ho. Sorga hadde vore kortvarig, og ho døydde i vona om at dei skulle møtast att. Den truande si sorg kan vere like smertefull som ein fødsel. Men den truande si sorg er alltid prega av desse orda: "Om ei lita stund". Sjølv om eit kristen ektepar hadde døydd med tretti års mellomrom, så ville ein kunne halde fast på desse orda: "Om ei lita stund".

Om ei lita stund skulle læresveinane få møte Jesus att på ein djupare og rikare måte. Dette skal vere den største gleda for ein kvar kristen. Men den kristne si sorg skal også bere med seg vona om at vi skal møte kvarandre att - om ei lita stund.

Når desse linjene vert skrivne, er eg akkurat komen attende frå ei samling der vi samtala om Jesus si atterkome. Når skal Jesus kome att i herlegdom? Når skal det verte slutt på krig og sorg? Når skal verda si materielle glede verte bytt med den evige gleda. Når skal Guds gode skaparverk vera atterreist? Bibelen gjev berre eitt svar på desse spørsmåla: "Om ei lita stund".

Geir Sørebø