3. søndag etter påske

Joh 16:16-22

 

I PREIKA

Dei fleste barn finn stor glede i å leike at nokon er borte – og så vert funne igjen. Enten ein brukar hender framfor andletet, eller eit pledd over hovudet så vil mange små barn kjenne seg igjen i leiken. Her kan me bruke den for å illustrere kva som skjedde med Jesus. Han vart borte for læresveinane – og så vart han synleg igjen.

Teksten inneheld ein dobbel tanke om at Jesus vart borte da han døydde, men også borte da han for til Gud på Kristi Himmelfartsdag. I begge tilfelle skulle Jesu venner få møte han igjen! For barna vil nok det første perspektivet vere det enklaste og meir enn nok å fatte denne søndagen.

Det bør formidlast noko om at alle som døyr, og som dermed vert borte, ikkje står opp etter to dagar som Jesus gjorde. Han var den fyrste og fram til nå den einaste, men ein gong skal me følgje etter……

Kanskje kan dette vere ein fin dag å snakke om kor lei oss vi blir når nokon døyr?

Både for oss vaksne og for barna er det vondt å miste nokon me er glade i. Jesus gjev oss eit håp om at ein dag er det døden som skal bli borte og ikkje finnast meir! Gud skal skape noko nytt og godt (jamf. teksten frå Jesaja)

 

EI SALME

Norsk salmebok Nr. 192 De trodde at Jesus var borte

 

 LITURGI

Gloria/Lovsong kan eit barnekor eller søndagsskulen (e.l.) gje lovsongen eit lyft med jublande song?

Ein kan bruke "måne og sol" (NoS 943) eller helst ein annan lovsong – prøv å få med "englesongen" (Ære vere Gud i det høgste……) som opptakt!

Eksempel på lovsong: NoS 570 Syng for Herren hele verden, NoS 587 Lova Herren! Han er nær,

Salmer 1997 88 Jeg vil gi deg, o Herre min lovsang, Salmer 1997 89 Cantai ao Senhor.

 

Anne Berit Sunde