5. søndag etter påske

Joh 16,23-28

BØN I JESU NAMN

I teksten for denne søndagen står ein fin og trøysterik setning: Jesus sa: "Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn". I Jesu namn - kva vil det seie? Lat meg illustrere det med noko eg opplevde i ungdommen. Frå 14-års alderen budde eg på hybel i Bergen der eg gjekk på skule. Ofte hadde eg lite pengar å kjøpe for. Ei ny bukse hadde eg aldri råd til. Men i ein butikk i byen kunne eg få det mest naudsynte av klede gratis. Dette var ein butikk som far, som var bonde, min sende ull til. Ullpengane vart sette inn på ein konto. Når eg kom utan pengar inn i butikken, så trengde eg berre oppgje namnet til far min. Og så kunne eg ta meg ut ei bukse utan å betale noko.

Vi er alle fattige når vi vender oss til Gud. Då har vi ingen ting å betale med. Men då kan vi oppgje Jesu namn. For når vi kjem til Gud i trua på Jesus, vil han gje oss det vi treng. Dette er eit bibelord som på 5. søndag etter påske, når det er konfirmasjon i mange kyrkjelydar, kan adresserast til:

1. Alle fadrar og foreldre

Eg hugsar ein gong eg vitja ei eldre kvinne som budde åleine i huset sitt. Ho fortalde meg om korleis ho og mannen, medan han levde, kvar morgon hadde hatt ei andaktsstund der dei bad for born og barneborn. Og så viste ho meg bileta av dei der dei stod plasserte rundt i stova. Og no etter at mannen var død bad ho for dei åleine.

Å, det er mange slike mødre og fedrar og besteforeldre og fadrar rundt land og strand. Menneske som i det stille bed kvar for sine. Mange av oss er bekymra for dei unge som veks opp, og vi lurer på korleis framtida deira skal verte. Og så prøver vi å leggje tilhøva til rette så godt vi kan. Det hender at vi vert vonbrotne. På dei unge. På oss sjølve. På Gud. Då skulle vi kunne tenkje at det å vere fadder og foreldre ikkje minst er å ha ei forbønsteneste å utføre. Jesus sa: "Bed så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen".

2. Alle konfirmantar og ungdomar.

Når eg tenkjer attende på mi eiga konfirmanttid, så er det ikkje så mykje eg hugsar att i dag. Men det er tre ord som eg ikkje har gløymt. På konfirmasjonsdagen fekk eg eit lite lommetestamente av presten. Framme i testamentet hadde han skrive tre ord til meg. Ord som Jesus sa til læresveinane ein gong: "Vak og be!" Som 15-åring tykte eg nok at dette var ei litt underleg helsing. No over 30 år etterpå har eg likevel måtta tenkje på desse tre orda. Er det slik at livet ofte vert unødig komplisert rett og slett fordi vi gløymer å be.

Jesus gav jo ein fantastisk lovnad: "Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn". Eit ord til alle som har livet framfor seg og som leitar etter ein livskurs. For i dette ordet ligg det gøymt ein skatt.

3. Alle prestar og arbeidarar i Guds rike

Det er stort å få vere prest i ein konfirmasjon. For då får eg leggje handa på hovudet til kvar einskilt konfirmant og be for han. Jesus la hendene på borna og velsigna dei. Jesus la hendene på sjuke og lækte dei. Dei første kristne heldt fram med dette. Dei la hendene på menneske og bad for dei i avgjerande situasjonar. Vi gjer det same i vår kyrkje i dag og. I viktige stunder legg vi hendene på menneske og bed for dei. Det hender ved dåpen, ved vigsle, når menneske er sjuke - eller under konfirmasjonen. I alle desse situasjonane skal vi rekne med Jesus sine ord: "Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn". For då veit eg: Det som vert sagt, er ikkje berre nokre tomme formular, men det er ord som overfører kraft og velsigning frå Gud. Fattige skal vi få kome til vår himmelske far og få be om alt i Jesu namn. Dette er eit ord til prest og kyrkjelydsarbeidarar. Dette er eit ord til foreldre og fadrar. Det er eit ord til dei som er konfirmantar. Det er eit ord til alle som vert tekne med i ei forbøn. Det er eit ord om at det går an få ei ekte glede sjølv om sjølv om mangt i livet kan verke både mørkt, tungt og uforståeleg.

Geir Sørebø