4. søndag etter påske

Joh 16,5-15

MED JESUS GJENNOM LIVET

Ei av dei vanlegaste lærebøkene for konfirmantar har tittelen "Med Jesus gjennom livet". Det har vore sagt at for mange er konfirmasjonsdagen ein slags avskjedsfest med kyrkja. Ein vart døypt som barn. Ein lærde om Jesus på skulen. Gjekk kanskje på søndagsskule eller klubb. Ein snakka om Jesus i konfirmanttida. Og så kjem avskjedsfesten. Og ein går ut i det vaksne livet - utan Jesus. Det skulle vere akkurat omvendt. Konfirmasjonen skulle vere byrjinga. Byrjinga på den vaksne sitt liv med Jesus. Teksten for denne søndagen henta frå ein avskjedsfest. Jesus er saman siste kvelden med læresveinane sine. Han fortel dei at han skal forlate dei. Og likevel skal dei underleg nok få gå med han gjennom livet. Han skal kome til dei på ein ny måte. Usynleg, men verkeleg gjennom Den Heilage Ande. Og den Heilage Ande skal hjelpe oss med tre ting: Synd, rett, dom.

1. Synd

For nokre år sidan hadde eg ein gammal Peugeot. Det var ein god bil, men etter kvart tok det til å vise seg rust både her og der. Eg pussa, flikka og lakka på han år etter år, og eigentleg såg nokså fin ut utapå. Men då eg kom til Biltilsynet, så stakk dei skrutrekkaren rett gjennom godset på han og eg fekk beskjed om at bilen var farleg å køyre med. Rusta kom innafrå og var umogeleg å fjerne.

Den Heilage Ande er det tilsynet som avslører synda bak vår blankpussa fasade. Ja, som viser oss at synda er farleg å leve med. Og at synda ikkje kan fjernast. "Og når han kjem, skal han gjere det klårt for verda kva synd er"(v.8). Ofte kjem vi i dagleglivet opp i diskusjonar om kva som er synd. Er det synd å drikke brennevin, er det synd å leve som sambuande osv. Ein kan verte sitjande att med det inntrykket at dersom ein klarar å rette opp ein del slike ytre manglar, så har ein gjort opp med synda. Den Heilage Ande borar djupare: "Synda er at dei ikkje trur på meg" (v.9)

2. Rett

Kven var Olav den heilage? Det var nokre av oss som kom i diskusjon om det i samband med kyrkja sitt 1000 års jubileum og ei vitjing på Stiklestad. Var han ein from misjonær eller ein brutal herskar og krigar. Historiespelet på Stiklestad gav sitt bilete av kongen. Eg måtte tenkje på eit besøk i ei kyrkje i Londen der eg fekk sjå ein skulptur av Heilag Olav, men samstundes fekk høyre ei soge om at han hadde slege i hel ein mann i eit gjestebod på den staden. Det er ikkje lett å vite kva som er rett når ein høyrer slikt.

Eit avgjerande spørsmål er: Kva er rett om Jesus? Eg gløymer aldri frå mi ungdomstid ein prest som sa: Det er berre to alternativ: Anten var Jesus ein svindlar - eller så var det rett alt det han sa om seg sjølv. Det er heilt avgjerande for vårt liv kva for eitt av desse alternativa vi vel. Kvar gong vi les eit ord av Jesus i Bibelen, så vitnar Den Heilage Ande for oss og seier: Dette er rett. Det vart bevist av at Jesus gjekk til Faderen: "Retten får eg, fordi eg går til Faderen" (v.10)

3. Dom

Eg veit om ein person som aldri opna karakterboka han fekk etter eksamen på ungdomsskulen. Vedkommande var redd for dommen. Han var redd for sanninga om seg sjølv. Han var redd for at ei katastrofe skulle kome for dagen.

Jesus sin dom skal også vere avslørande. Men Jesus sin dom er ingen opning av ei karakterbok, Jesu dom skal bety oppreising for alle som høyrer han til, og som kanskje ikkje alltid greidde seg så godt i livet. For Den Heilage Ande lærer oss gjennom Guds ord at dommen er først og fremst det store og avsluttande oppgjeret med djevelen og det vonde (Op 20). "Domen er at hovdingen for denne verda er dømd" (v.11).

Anten ein no er konfirmant i år eller var det for mange år sidan, så er dette eit fint program: "Med Jesus gjennom livet". Det betyr at vi let Den Heilage Ande gjennom Guds ord lære oss kva som er synd, så betyr det for det andre at vi let oss undervise om kva som er rett om Jesus, han som kunne bære våre synder, og til sist i tru lærer å sjå framover til Jesus sin dom med forventning om at alle ting skal verte nye.

Geir Sørebø