IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

4. søndag etter påske

Joh 16:5-15

I PREIKA

Innfall 1:

Har du nokon gong grua deg fordi du veit at om to dagar da skal bestemor, som har vore på besøk i nokre veker, reise heim att til huset ho bur i saman med bestefar langt, langt unna der du bur? Eg trur at læresveinane hadde det litt slik. Men dei visste ikkje heilt kva som skulle skje. Og når Jesus skulle reise frå dei skulle han reise så langt at det nesten vart slik at han vart heilt borte for dei. For han skulle reise ein plass dei ikkje kunne reise nå. Han skulle vende heim, heim til Gud – dit ingen på jorda kan komme. (avskjedstala til læresveinane vart halde før langfredag – men i kyrkjeåret nærmar ein seg Kristi Himmelfartsdag. Her kan ein jo repetere "påskestoffet" og førebu himmelferda, på ein måte vart Jesus borte for dei to gongar!)

Jesus skjønna at læresveinane var leie for at han skulle dra frå dei (slik som bestemor også skjønner – og kanskje seier: jammen me kan snakkast saman på telefonen kvar veke og når det blir august er det din tur til å komme på besøk til meg!) – og så prøva han å trøyste dei med å seie at sjølv om han vart borte for dei så skulle det komme ein annan som skulle vere heilt nær, og vere der i staden for han. Læresveinane skulle få ein usynleg ven, istaden for den synlege Jesus. Og når dei falda henda sine kunne dei framleis samtale med Jesus.

Innfall 2:

Det kan av og til vera kjempeirriterande når andre veit kva som er best for ein. "Klale søl" var mitt motto som barn og eg tok ikkje lett på at andre visste kva som var best for meg – særleg når det handla om slike ting som eg slett ikkje ville at skulle skje! Men her i teksten seier Jesus at det eigentleg er best for dei at han forlet dei – skal lure på kva læresveinane tenkte om det…?!

---

På tide med ordforklaring? Teksten er ganske så full av vanskelege kjerneord. Her er nokre:

EI SALME

Norsk Salmebok Nr. 228 Vinden ser vi ikke

Kjernesalme for barn om Den Heilage Ande, vi må øve slik at den sitt til pinse!

LITURGI

Truvedkjenninga Bruke illustrasjon (og litt ekstra tid) til å lære og forstå betre alt det me ramsar opp i truvedkjenninga (apostoliske) Legge ekstra vekt på 3. artikkel – Den Heilage Ande (lære utanåt?) Illustrasjonane kan ein f.eks finne i konfirmantbøker, ein kan bruke overhead eller teikne på tavle……

Anne Berit J