Kristi Forklåringsdag

Joh 17,1-8

Ååå - kor herleg!

Det var sist summar. Ein strålande fin dag. Klår himmel. 25 varmegrader i høgfjellet. Eg var på fjelltur og gjekk over snaufjell og snøfonner. I varmen kunne eg leggje meg ned og drikke av iskalde bekker som kom rett ut frå dei små isbreane i Stølsheimen. Så kunne eg reise meg og utbryte: Ååå - kor herleg! Ei openberring av kor herleg livet kan vere. Herlegdom er eitt av dei vanlegaste orda i den nynorske bibelomsetjinga. Det som er fortalt om i Bibelen er frå ei siste sett frå første til siste blad ei reis mot herlegdom. Bibelens skrifter har tre siktemål:

1. Gud skal verte herleggjord.

I Jesus si yppersteprestlege bøn, som teksten for denne søndagen er henta frå, bed Jesus om at Gud må verte herleggjord. I 1922 vart Tut-Ankh-Amons gullsarkofag utgravd i Egypt av arkeologen Howard Carter. Ein eventyrleg skatt som herleggjorde ein konge som døydde 19 år gammal på 1300-talet før Kristus. Skatten hadde lege der i over tre tusen år. Men han hadde vore ukjent og utilgjengeleg for menneske i dag. Ei historisk hending gjorde herlegdomen tilgjengeleg for oss. Lukas skriv om englane som kunngjorde Jesus sin fødsel: Herrens herlegdom lyste kringom dei. Og Jesus bed før sin død om at Gud må verte herleggjord. Visst har Guds herlegdom vore der frå æva. Men det er Jesus som gjer han tilgjengeleg og synleg for oss.

2. Jesus skal verte herleggjord

"Herleggjer Son din". Slik bed Jesus. Dette er ei bøn framfor Jesu liding og død. Det er ei bibelsk sanning som ikkje minst Johannes framhevar at Jesus vert herleggjort gjennom sin offerdød. Det var ein 10-åring som det stod om i avisene som hadde berga eit mindre barn frå å drukne. 10-åringen hadde gjort det med fare for sitt eige liv. I denne krisesituasjonen kom hans medmenneskelege kvalitetar til synes. Det er når Jesus døyr på krossen hans herlegdom fullt ut kjem til synes. "Laut ikkje Messias lide dette og så gå inn til sin herlegdom?". Slik var kommentaren til ein læresvein etterpå. Lidinga opnar for herlegdomen.

3. Vi menneske skal verte herleggjorde

Var det berre snakk om Guds herlegdom og Jesu herlegdom, så kunne kristendommen i høgda verte eit godt teaterstykke. Men vi er ikkje tilskodarar. Vi er deltakarar. Det er eigentleg til sjuande og sist vi som treng å verte herleggjorde. Ein summar i min ungdom fekk eg blindtarmbetennelse. Eg vart svært sjuk utan at ein visste kva det var. Ingen pleie hjelpte. Det var til sist ein kirurg som redda meg med ein operasjon. 14 dagar seinare var eg på fjellet att og opplevde livet herleggjort.

I vårt avsnitt frå Johannes 17 ser vi korleis Jesus si merksemd er innretta mot den operasjon som kan herleggjere oss. "For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv".

Paulus skriv: "Gjennom han har vi og ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom".

Tenk - ein dag skal den kristne liksom fjellvandraren kunne utbryte: Åååå - kor herleg! Den dagen skal det verte klårt at Jesus vart herleggjort for at eg skulle få del i Guds herlegdom.

Geir Sørebø