IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Kristi forklåringsdag

Joh 17:1-8

I PREIKA

I dag skal Jesus trå fram synleg for oss, ikkje berre som menneske men som Gud. Korleis formidle dette vidare? I teksten er det særleg eit ord, som ikkje er så vanskeleg, men som kan høyrast svært ukjent ut: HERLEGGJERE. Kva er det?? Eg trur at det er ganske mange som stadig vekk brukar ordet herleg. Når brukar du det? Er det ikkje når du skal legge litt ekstra trykk på, prøve å formidle kor stort, kjekt og godt noko kjendest?! Brukar me det ikkje når me skal gje eit lite løft til opplevinga? Prøve å formidle ei oppleving som vart stor og viktig for oss. Kva vert da herleggjering??

Å herleggjere er å opphøge. Sette høgt. Lyfte opp. Jesus vart herleggjort ved å bli lyfta opp til himmelen, til Guds høgre hand. Tilbake til den herlegdomen han kom frå. Herlegdomen er noko som høyrer Gud til, ein eigen glans. Me prøvar å formidle det ved å male glorie kring hovudet til Jesus.

Kva med å lage ein glorie. Korleis skal den sjå ut? Kva materiale? Dersom det er mogleg kunne ein dele kyrkjelyden inn i mindre grupper. Der kvar av gruppene fekk i oppdrag å lage sin glorie. Da må ein ha tilgang på stoff, papir, gullstjerner, ståltråd, glitter, lim, tusjar, sytråd og meir til. Kor spanande å sjå korleis dei ulike gruppenen ville tolke oppgåva si! Etterpå kan ein ha utstilling i kyrkjerommet!

EI SALME

Norsk salmebok nr. 268: Herre Gud, ditt dyre navn og ære

LITURGI

Gloria / Lovsong: vi er med og herleggjer Jesus gjennom vår lovsong. Kva med å bruke fullstendig utgåve??

Guds signing!

Anne Berit Sunde J