6. søndag etter påske
Joh 17,9-17

"NO MÅ DU BE FOR MEG ..."

Teksten for denne søndagen er ein del av Jesus si store bøn. Hans øvsteprestelege bøn for oss. Og eg seier med frimod - oss. Det er lett å tenkje at Jesus bad for dei 12 læresveinane - eller ein noko større krins som var saman med han, men han seier i bøna: "Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til tru på meg" (v.20). Jesus si øvsteprestlege bøn er difor ei bøn som inkluderer truande menneske alle stader til alle tider.

Det er skrive om den kjende tyske teologen Jakob Filip Spener, som levde på slutten av 1700-talet: "Spener våga aldri å preike over Joh 17, men han let det lese for seg tre gonger før sin død". Kva gjorde desse versa så vanskelege å preike over, men likevel så fulle av trøyst framfor døden?

Tre vesentlege trekk vil eg trekkje fram frå dei versa vi har som søndagstekst:

1. Jesus går i forbøn for oss

Eg hugsa frå eg var ungdom at eg av og til var og vitja ei gammal kone som alltid sa med tårer i augo når eg gjekk ut att døra. "No må du be for meg". Eg prøvde vel å gjere det. Etter fattig evne. Men det vart nok ikkje så mykje ut av mi forbøn. Som prest opplever eg dette om att og om att. Menneske som seier: "Du må be for meg". Men framleis må eg diverre vedkjenne: Det vert så lite samanheng i forbøna mi.

Men eg opplevde det som godt og styrkjande då ein soknerådsleiar for litt sidan fortalde meg at dei var ei gruppe som samlast for å be og som tok meg med i bønene sine. Det er godt å vite at ein vert beden for.

I teksten for denne søndagen finn vi ein tanke som vi sjeldan har framme. Jesus seier: "Eg bed for dei som du har gjeve meg" (v.9). Har du tenkt på kva dette betyr for den kristne? Lat oss høyre kva Paulus skriv:

"Kven vil klage Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. Kven kan då fordøme? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. Kven kan skilje oss frå Kristi kjærleik" (Rom 8,33).

2. Jesus held oss fast

"Då eg var hjå dei, heldt eg dei fast i ditt namn", sa Jesus. Vi tenkjer vel ofte at i kristenlivet gjeld det å halde fast på det vi har lært. Halde fast på det vi trur og vonar på. Og mange kan kanskje utanboks eit lite vers frå Johannes openberring: "Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di" (Op 3,11). Teksten for denne søndagen snur det heile på hovudet. Det er ikkje først og fremst vi som held Jesus fast. Det er han som held oss fast.

Eg veit om ein ung, sprek mann som forliste i lag med far sin. Faren var ikkje i stand til å symje, han var eldre og skrøpeleg. Men sonen var sterk og sprek og god til å symje. Faren kava rundt i sjøen, men sonen heldt han fast og greidde å berge han i land. Den sterke måtte halde fast den svake. Skulle den svake verte berga, måtte den sterke nytte sine krefter. Slik er det med vårt tilhøve til Jesus. Kan vi berre vere i trua, så vil Jesus halde oss fast.

3. Jesus vil vakte oss mot fortapinga

Det heiter slik i Jesus si bøn: "Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan den som høyrde fortapinga til". For nokre dagar sidan såg eg på ein kyrkjegard ein gravstein på ei barnegrav med denne innskrifta på bokmål: "Ingen er så trygg for fare". Det burde ha stått på gravsteinen slik første linja i Lina Sandell sin song lyder i dag: "Ingen er så trygg i fare". Det er berre dette som gjev meining. Gravsteinen var i seg sjølv eit bevis på at barnet ikkje hadde unngått fare. Men det fantastiske er at uansett farar og død så kan den kristne finne tryggleik. Og tryggleiken ligg i dette: Jesus vil vakte oss mot fortapinga.

Eg forstår at Spener ville høyre denne teksten lesen tre gonger på dødslegjet. Eg forstår at han medan kreftene vart borte måtte forvisse seg om at dette verkeleg var skrive:

Jesus går i forbøn for oss. Jesus vil halde oss fast. Jesus vil vakte oss mot fortapinga.

Geir Sørebø