IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

6. søndag etter Påske

Joh 17:9-17

I PREIKA

Søndagen mellom himmelferd og pinse. Ventetida. Teksten er del av ei lang bøn der Jesus bed for læresveinane og oss. Johannes fortel føre teksten vår at Jesus førebur læresveinane på det som skal skje. Han skal døy og stå opp. Han skal reise til himmelen og dei skal få Den Heilage Ande. Talsmannen. Han som skal hjelpe vennene til å forstå alt det Jesus hadde fortalt og gjort, trøyste dei og gje dei mot til å fortelje vidare. Så ber Jesus for dei. Teksten vår er henta frå denne bøna. Etter bøna kjem lidingssoga.

"Eg bed for dei." Han som me ber til, ber også for oss. Han som er vår usynlege ven, sit ved høgre handa åt Gud. Der ber han for oss og passar på oss. Nokre gongar kan det vere vanskeleg å vere menneske, det veit Jesus. Nokre gongar kan det vere vanskeleg å vere kristen fordi andre ikkje likar trua vår, det veit Jesus om også. Difor bed han til Gud om at han må vara frå det vonde.

Kjenner du nokon som ber?? (truleg det.) Kva med å invitere nokre frå kyrkjelyden fram til lesepult eller kor og så intervjue dei om kva bøn er for dei. Kvifor dei ber og om kva dei ber. Ta fram to-tre stykker, gjerne nokre som har ulike aldrar og kjønn. Fint om dei kan lære kyrkjelyden ei bøn dei er glade i.

I bibelen fortel Jesus oss at bøn er viktig. Jesus ber ofte. Han lærer oss og ei bøn me kan be, nemleg Fadervår. Den er mange glade i.

EI SALME

Norsk salmebok nr. 228: Vinden ser vi ikke

Snart pinse, må øve litt.. legg merke til vers 4! Anden hjelper oss til ikkje å vere redde.

LITURGI

Forbøn: Lat oss be for menneske som på ulike måtar vert plaga eller forfølgde fordi dei seier at dei vil vere kristne.

FRAMLEIS GOD PÅSKE!

Anne Berit Sunde J