Langfredag

Joh 18,1-19,30

VIA DOLEROSA - LIDINGSVEGEN

Dei fleste som har vore i Jerusalem har sikkert gått langs Via Dolerosa. Ei trang gate i sentrum som er nesten som eit smau i Bergen. Som regel stappfull av folk, turistar, jødar, muslimar, kristne, palestinarar, amerikanarar, japanarar om kvarandre. Ei gate med folk som bed og som går med Bibelen i handa, ei gate med småkriminelle som er på jakt etter lommeboka di, ei gate med pensjonistar frå Norge på Israelstur og ei gate med patruljerande soldatar med skarpladde våpen.

Via Dolerosa - Lidingsvegen - ein underleg og kaotisk stad på denne jord. Når du går der får du ei kjensle av at her kan alt hende. Det var langs denne gata Jesus gjekk frå Pilatus og opp mot Golgata. I dag kan vi sjå nokre små skilt på einskilde husvegger, der står det skrive Stasjon I, Stasjon II, Stasjon III, i alt er det 14 stasjonar. På kvar stasjon skal Jesus etter tradisjonen ha stansa opp. Ein stad for å ta krossen over herda, ein stad for å trøyste kvinnene ved vegen, ein stad fordi han datt under byrda av krossen. Ein stasjon vert slik eit punkt, ein stad, der Jesus si liding kjem ekstra tydeleg til uttrykk.

Eg vil i dag sjå på teksten vi las og stanse opp tre stader i Jesu lidingshistorie. Tre stasjonar kunne vi kalle det. Kanskje er det noko vi dreg kjensel på ved desse tre stasjonane.

1. Møtet med svikaren

Lidingshistoria byrjar med dette. Ein av Jesus sine vener kjem han til møtes. No som svikar. Saman med ein heil vaktstyrke. "Kven leitar de etter", spurde Jesus. "Jesus frå Nasaret", svara dei. "Det er eg", sa Jesus og då han sa det, veik alle tilbake og fall til jorda. Dei hadde altså respekt og age for han. Alle unntatt ein. Svikaren. Vi veit at han ikkje fall til jorda. Han gjekk tvert imot fram og kysste Jesus. Måtte ikkje dette vere ein tung stasjon på Jesus sin lidingsveg. Ein av hans vener, som han sjølv hadde valt seg ut, som hadde levd tett saman med han i tre år, som hadde vore hans samarbeidspartnar. Denne læresveinen hadde no vorte hans fremste fiende. Av ein eller annan merkeleg grunn. Gjorde ikkje dette Jesus meir vondt ein piskeslag frå ein framand soldat.

Å, eg veit om menneske som sjølve har erfart noko av denne smerta. Menneske som har opplevd at nære vener eller slektningar svikta dei på eit avgjerande tidspunkt i livet. Ja, at dei til og med vart deira fiendar. Og at det utvikla seg til eit fiendskap som vart både hardt, kaldt og uforsonleg.

Og mange er visst dei som kunne stå fram og seie: Dette vart sanneleg ein stasjon på min lidingsveg.

Møte med svikaren. Det var det første Jesus måtte gjennom.

2. Møte med dommaren.

Pontius Pilatus har vorte ein av dei mest kjende personar i verdshistoria. For det var han som skulle få den avgjerande oppgåva å felle dommen over Jesus.

Ein stor del av lidingshistoria dreiar seg rundt møtet mellom Jesus og Pontius Pilatus. Etterkvart som samtalen og forhøyret går fram over, så sit vi att med det inntrykket at Pilatus gjennomskuar kva som hender. Han ser at Jesus er offer for ei samansverjing. Han skjønar noko av motsetningane mellom Jesus og dei religiøse leiarane. Og Paulus sin konklusjon som ein nøytral utanforståande dommar er til sist heilt klår: "Eg finn inga skuld hjå denne mannen".

Men likevel handlar Pilatus til sist stikk i strid med sin eigen tankegang. Han gav Jesus over til jødane, så han kunne krossfestast. Så det kunne gjennomførast ei avretting.

Måtte ikkje dette vere ein tung stasjon på Jesus sin lidingsveg. Å sjå at han som hadde elska alle menneske og levd i kjærleik, han som hadde ofra alt for andre og følgd Guds vilje fullt ut, at han skulle av ein høgt kvalifisert dommar dømmast til dødsstraff saman med forbrytarar. Han opplevde at sjølv om det han sa viste at han var uskuldig, så vart det ikkje teke omsyn til.

Måtte ikkje denne grenselause urettferda vere likeså tung å bere som krossen på veg mot Golgata.

Kor mange menneske i verda er det ikkje som har gjort erfaringar i same retning. Lidinga var uforståeleg og urettferdig. Det kunne vere ein dom som vart felt eller vedtak som vart gjorde som var heilt urettferdige. Det kunne vere ein sjukdom som kom så heilt utan grunn. Det kunne vere ei ulykke som råka blindt.Det kunne vere menneske som heilt meiningslaust vart offer for krig og svolt og vitlause statsmenn. Mange er dei i denne verda som tenkjer med såre tankar: Kvifor skulle eg, vi, min familie, mitt folk råkast så urettferdig, så uskuldig, så meiningslaust. Kva slags dommar er det som gjer slike beslutningar. Langfredag har dette som eit sentralt tema. Som ein stasjon i Jesu liding. Møte med dommaren som avseier så urimeleg dom at det er i strid med hans eigen tanke.

3. Møtet med mor

Noko av det siste som er fortalt om Jesus sitt vanlege jordeliv, er desse orda: Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: "Kvinne, det er son din". Så sa han til læresveinen: "Det er mor di".

Ein av dei siste og kanskje såraste stasjonar i Jesus si liding, er hans siste med si mor. Peter og mange av dei andre læresveinane hadde flykta og fornekta i redsle, med ved sida av krossen stod mor. Ho hadde ikkje flykta.

Kva smerte måtte ikkje Jesus oppleve når han no skulle seie farvel til mor? Maria som hadde vore ein lydig tenar og gjort slik engelen baud henne. Ho som hadde fylgt Guds vilje og gøymt alle ord i hjarta sitt. Men no kunne ho kanskje ikkje sjå anna enn tragedie i det som no hende med Jesus.

"Der er son din", sa Jesus til Maria, og på denne måten ville han vise at Johannes no måtte ta seg av henne når han no gjekk bort.

Det er mange menneske som har erfart noko i same retning. Å skiljast for godt med sine næraste er noko av det tyngste ein opplever på sin eigen lidingsveg. Ein rører ved nokre av dei djupaste kjenslene i menneskelivet. Ein rører ved spørsmål om kvifor ein i det heile lever. Og kva som er meininga med at ein lever.

 

Det er mange stasjonar på Jesus sin lidingsveg. Vi har stansa ved tre.

Møtet med svikaren - Møtet med dommaren - Møtet med mor .

Eg skulle tru at mange av oss opplever når vi ser inn i Jesu lidingsoge og tenkjer litt over det som her vert fortalt, at det er mangt her som rører ved erfaringar i mitt eige liv.

"Det er fullført", var Jesus sine siste ord. Oppdraget var utført. Lidingsvegen var gått til endes. Siste stasjon var passert. Det må bety all liding har sin begrensning og avslutning både for Jesus og oss som høyrer han til.

Alle menneske har ein lidingsveg. Ein lidingsveg med fleire stasjonar. Saman med livet sine mange gleder og gode og lyse dagar er det også tyngjande stunder. Gjennom smerte kjem ein inn i dette livet, smerta slepper aldri heilt taket og gjennom smerte vil ein oftast forlate dette livet.

Slik kunne ein ha sagt at mennesket er fanga i synda og smerta sitt fengsel.

Vi kunne sagt det om det ikkje hadde vore for desse orda: "Det er fullført". Alle stasjonane er passert. Det er ein som har gjort opp med djevelen, synda og smerta. Det er ein som har lidd for oss og opna ein veg til ljoset, til freden, til æva, til Gud.

Geir Sørebø