IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Langfredag

Joh 18:1-19:30

I PREIKA

Tristaste dagen i kyrkjeåret. Men ikkje ein håplaus dag (jamf. engelsk namn på dagen : GOOD FRIDAY!) Me syns at dagen er tung og mørk, fordi Jesus lei og hadde det vondt. Men dagen er også god. Fordi Jesus tok straffa vår. Han betalte det som me var skuldig i. Det gjer oss skuldlause og frie. Det gjev grunn for glede, takksemd og undring.

Dersom det er mange barn til stades i gudstenesta er det fint å gje dei ei teikneoppgåve under tekstelesingane. F. eks. fargeleggje ferdig teikning, eller sjølve teikne eit langfredagsmotiv (korleis er det å vere Jesus på langfredag el.l.). Trekk gjerne teikningane inn i preika.

EI SALME

Norsk salmebok nr. 133: Han gikk den tunge veien

LITURGI

Lidingssoga: Bruk konfirmantar eller andre unge til å vere med og lese. Del opp teksten i avsnitt eller fordel "roller", slik at nokre les forteljar, andre Jesus osb.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J