2. søndag etter Kristi openberringsdag

Joh 2,1-11

KRISTENLIV FRÅ VATN TIL VIN

Det vert fortalt om ein sokneprest som hadde fått besøk heime av ein kollega. Dei sat i stova og prata hyggeleg saman. Etter litt seier soknepresten: "Nei, no tek vi oss ein sigar". "Beklagar", seier gjesten, "men eg røykjer aldri". Etter litt seier soknepresten: "Men då tek vi oss eit glas vin". "Nei, det går ikkje", seier kollegaen, "for eg er fråhaldsmann". Då ser soknepresten lett irritert på sin kollega og seier: "Sei meg, unner du deg eit glas vatn til jul?"

Mange trur visst at kristenlivet er eit kjedeleg liv på vatn og tørt brød. Og kanskje har eg sjølv gjort mitt til å skape eit slikt bilete i og med at eg både er fråhaldsmann, antirøykar og ikkje nyttar smør på maten. Men eg meiner faktisk at eg har funne det gode og glade kristenlivet. Kristenlivet skal vere ei utvikling frå vatn til vin, men då på ein annan måte enn det som kjem fram i det ordinære selskapslivet. Teksten om bryllaupet i Kana viser oss:

1. Jesus tek del i våre gleder.

Eg snakka ein gong med eit par som hadde tenkt å gifte seg. Dei ville gjerne at presten skulle vigsle dei, men dei hadde ikkje lyst å vere i kyrkja. "For", sa brura, "når eg er i kyrkja, så tenkjer eg berre på død og sorg. Og det heng nok saman med at det er mest i gravferder eg er i kyrkja".

Det er synd dersom det vert slik at når vi brukar ord som "kyrkje", "Jesus", "Gud", så tenkjer mange på død og sorg. For Jesus var ikkje til stades berre i gravferder. I det nye testamentet høyrer vi oftare om at Jesus var til stades i bryllaup og gjestebod. Og han samanliknar faktisk ein stad himmelriket med ein bryllaupsfest.

Dette seier oss at kristentrua ikkje minst må knytast til gledene i livet. Det er ikkje ukristeleg å halde eit festleg lag. Det er ikkje ukristeleg å ha det moro. Det er ikkje ukristeleg å nyte det som er godt i livet. Av og til kan vi få inntrykk av at nokre meiner det. I dag og på Jesus si tid.

2. Jesus hjelper oss i livet sine kriser

For ein del år sidan sidan høyrde eg fortalt om eit bryllaup her i Sogn der ikkje alle gjestene fekk middagsmat. Dei som laga til, hadde kort og godt rekna feil på mengda av steik og poteter. Det var neppe noko stor krise for gjestene. Tvert om. Mitt inntrykk var at fleire av dei lo og tykte helst det var litt morosamt. Og dessutan, dei fekk fullt nok med kaffimat seinare på kvelden. Men brureparet opplevde matmangelen som ei personleg krise.

Det var neppe noko stor krise for gjestene i Kana at det tok slutt på vinen før kvelden var omme. Men det var pinleg for verten. Og 600 liter med prima vin var sikkert ei gåve som vart teken i mot med stor takk.

Vi har sikkert alle møtt menneske som kan fortelje oss om at Jesus hjelpte dei med ei stor krise i livet - alt frå sjukdom, til alkohol og depresjon. Men det er godt å sjå i denne teksten at Jesus også gjev hjelp med dei "små" krisene. Slike vanskar som eg sjølv slit med og som andre kanskje ikkje eingong oppdagar eller tek på alvor.

3. Jesus hjelper oss til å tru

Eg ser for meg ei kvinne i ein kyrkjelyd eg var. Ho gjekk til ofte til kyrkja, men deltok aldri i nattverden. Ein søndag var det ei anna kvinne som oppmuntra henne, tok henne i armen og saman kom dei til nattverdbordet. Eg såg ho skalv på handa då ho tok i mot brødet og vinen. Sidan var ho alltid med. Og ho har kome frimodig og med glede.

I Kana spela Jesu mor ein viktig rolle. Det var ho som utfordra Jesus. Det var ho som instruerte tenarane. Det viktigaste resultatet av handlinga kjem i siste verset: "Han openberra herlegdomen sin, og læresveinane hans trudde på han".

Jesus tek del i våre gleder. Jesus hjelper oss med krisene. Men målet er å hjelpe oss til tru. Det er stort å vere døypt. Det er stort å oppleve gledene i livet gjevne av Gud. Det er godt å få hjelp når ein bed til Gud i vanskelege situasjonar. Men ein kristen kan ikkje slå seg til ro med dette. Kristenlivet skal vere ei utvikling frå vatn til vin. Akkurat som i Kana. Vel møtt ved nattverdbordet denne søndagen.

Geir Sørebø