Påskedag - Kristus er oppstaden!

Joh 20,1-10

FRÅ FORTVILING TIL TRU

Eg prøver å stå opp klokka 6 kvar morgon for å ta ein times tur opp på næraste åskam før frukost. No dei siste vekene før påske har det vore ei ekstra fin oppleving. Det har vore ein time der alt har vorte forandra. Klokka 6 har det vore mørkt. Klokka 6.30 har himmelen vorte raud i aust. Og klokka 7 har sola stige over dei låge fjella inst i Sognefjorden. Innafor ein time har eg opplevd omskifte frå natt til dag. Det er ein slik time påskemorgon sin tekst handlar om. Ein time der menneske opplever det enorme skifte frå fortvilinga sitt mørke til trua sin ljose dag. For kva er det teksten fortel om menneska ved grava:

1. Dei var fylte av fortviling

Eg fekk ein gong ein telefon frå eit menneske som var fortvila fordi minnesmerket på grava til ein av hennar næraste var øydelagt. Øydelagt ved hærverk. Det var for henne uforståeleg at nokon i ei landsens bygd kunne få seg til å skamfare ei grav. Det er ei slik fortviling Maria Magdalena uttrykte. "Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han". Svik, skandalerettsak, tortur, meiningslaus og brutal avretting - og så dette - gravskjending. Fortviling på fortviling. Slik byrjar morgonen ved grava. Men teksten fortel meir om menneska ved grava:

.2. Dei granska det som hadde hendt med Jesus

Ein prest eg kjenner fekk ein gong litt av eit sjokk. Han hadde fått melding frå politiet om at ein mann var funnen død. Han fekk beskjed om å gå og melde dette til næraste familie. Presten kjende ein mann med dette namnet og visste kvar mannen budde saman med kona si. Presten reiste straks, og ringde på døra. Han som kom ut og opna døra, var den mannen presten trudde var død. Det var skjedd ei forveksling. Det var fleire i den bydelen med same namn. Den presten har lært meg at når det gjeld beskjedar om liv og død, så må eg vere sikker på at det eg seier er 100% påliteleg. Johannes fortel at Peter og ein annan læresvein - truleg Johannes - skunda seg til grava for å granske det som hadde hendt. Dei kunne ikkje fortelje noko til andre før dei var 100% sikre. Dei måtte personleg gå gjennom alle detaljar i ei så viktig sak. Difor kunne Peter og Johannes seinare seie då dei vart klaga for det høge rådet: "Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt" (Apg 4,20).

3. Dei trudde underet

"No trur eg ikkje mine eigne auge!" Slik kan vi av og til kome til å formulere oss når vi vert skikkeleg overraska. Men det var nett dette læresveinen gjorde. Han trudde sine eigne auge. Dei hadde kome til grava. Dei hadde granska detaljane. Detaljane viste at underet hadde hendt. Og så kjem denne viktige setninga i evangeliet: "Og han såg og trudde". På desse augnevitna byggjer vår kristne tru. Augnevitne er noko anna enn eventyrforteljarar. Det peikar Peter på eitt av sine brev: "For det var ikkje oppdikta eventyr vi fór med då vi kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og kome. Nei, vi var augnevitne som såg hans guddommelege velde" (2 Pet 1,16). Granskingar ved grava førte til at dei trudde underet.

Påskedagsteksten viser oss overgangen frå fortviling til tru. Like så radikalt som vi ute i naturen kan oppleve skiftet frå mørke til dag innafor ein morgontime. Det er mange menneske som opplever fortviling og mørke i møte med død og grav. Og som spør: "Korleis skal eg finne vegen til trua sitt ljos?" Svaret gjev Johannes. Vi må gjere som dei to læresveinane. I dag som den gong må vi vere viljuge til å granske det som hende med Jesus då han døydde og stod opp. Ut frå eiga erfaring kan mange av oss seie: "Vi såg inn i Skrifta og trudde".

Geir Sørebø